Portrettfoto av Gosia Malgorzata Wild foran ein trevegg.

Takrenneparadokset – frå taus kunnskap til eksplisitt ordlæring i yrkesfag

Sjølv om opplæringa er praktisk, får elevane likevel ikkje med seg fagterminologien. Gosia Malgorzata Wild presenterte nyleg på NAFO sin jubiluemskonferanse.

- Kan du fortelje litt om prosjektet du presenterte på Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) jubileumskonferanse 21. og  22. oktober? Kva gjekk det ut på?

– Eg presenterte eit prosjekt som viser korleis programfaglærarar og norsklærarar kan samarbeide for å støtte minoritetsspråklege elevar i både fag- og språklæring. Ofte er det slik at programfaglærarane ikkje har spesifikk kunnskap om andrespråksdidaktikk, medan norsklærarane har mindre kjennskap til programfag og bransjekrav. Samarbeidet vårt fokuserte derfor på å gi fleirspråklege elevar ei meir heilskapleg og relevant opplæring som førebur dei til yrkeslivet.

- Kva var hovudutfordringa dei møtte?

– Hovudutfordringa var det vi kallar "takrenneparadokset." Vi oppdaga at sjølv om opplæringa var praktisk, fekk elevane likevel ikkje med seg fagterminologien. Til dømes hadde vi ei heil veke med praktisk arbeid rundt montering av takrenner, men etterpå hugsa ikkje dei fleirspråklege elevane ein gong ordet "takrenne." Dette viste at praktisk opplæring åleine ikkje var nok til at elevane tileigna seg både faget og fagspråket.

Fem nøkkelomgrep i uka og forklaring på video 

- Korleis gjekk de fram for å løyse denne utfordringa?

– Musa Gitau Anderssen, som er programfaglærar på bygg- og anlegg, og eg sette i gang eit omgrepslæringsprosjekt som strekte seg over eit år. Vi valde ein tredelt tilnærming der vi fokuserte på munnlegheit, myndiggjering og multimodalitet. 

– Kvar veke plukka vi ut fem nøkkelomgrep elevane måtte kunne for å klare seg i den yrkesfaglege fordjupinga. Desse omgrepa vart skrivne opp på ein plakat i verkstadshallen, og Musa laga to korte videoar kvar veke. I den eine videoen forklarte han dei fem omgrepa på ein enkel måte, og i den andre presenterte han arbeidsplanen for YFF-timane den komande veka.

- Korleis fungerte videoane, og korleis brukte de dei i undervisninga?

– Videoane vart lagde ut i ein privat YouTube-kanal, og lenkjene vart delte på It’s learning, slik at elevane kunne sjå dei så mange gonger dei ville. Eg brukte desse videoane som utgangspunkt for språkoppgåver vi jobba med i særskilt norsktimane. Dette gjorde at norskopplæringa vart direkte relevant for det yrkesfaglege innhaldet.

Tett samarbeid ga betre læring og betre innsikt i fagfelt

- Det verkar som om prosjektet kravde mykje samarbeid mellom deg og Musa. Korleis opplevde de denne samarbeidsforma?

– Ja, dette prosjektet kravde at vi samarbeidde tett og hadde felles planleggingstid. Men både Musa og eg meiner at tida vi investerte var verdt det. Elevane våre fekk større utbytte av særskilt norskopplæring og byrja å bruke fleire fagomgrep i praksis. Vi fekk òg betre innsikt i kvarandre sitt fagfelt, noko som opna moglegheiter for vidare tverrfagleg samarbeid.

Om Gosia Malgorzata Wild

Gosia Malgorzata Wild jobbar som høgskulelektor ved Institutt for språk, litteratur og kultur, Høgskolen i Østfold. Der underviser ho mellom anna i andrespråkspedagogikk og norsk for utvekslingsstudentar. Ho har mastergrad i norsk filologi, mastergrad i omsetjingsstudiar og fleire års erfaring frå vidaregåande skule som norsk- og engelsklærar.

Om Musa Gitau Anderssen

Musa Gitau Anderssen jobbar som programfaglærar i bygg- og anleggsteknikk ved Bardufoss vidaregåande skule. Han har bachelorgrad i yrkesfaglærarutdanning og held på med ein mastergrad i yrkespedagogikk ved OsloMet. I tillegg har han fagbrev i platearbeidarfaget og tømring. I 2013 vart Anderssen kåra til årets forbilde av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om OsloMet sitt Senter for kunnskap om yrkesfag.

Publisert: 07.11.2024 | Halvor Spetalen | Foto: Privat