Portrett av Aase Marit Sørum Ramton foran murvegg, ho held ein lekepingvin.

Vil vekke empatien til elevane

Å skrive brev til pingvinen og å teikne til nyskriven musikk er berre nokre av aktivitetane i eit unikt tverrfagleg undervisningsopplegg om klimakrisa og flyktningkrisa.

– I dette arbeidet har eg prøvd å kombinere dei fagdidaktiske kunnskapane mine innafor både naturfag og dei praktiske og estetiske faga.

Det seier Aase Marit Sørum Ramton, stipendiat ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning. I eit nytt tverrfagleg undervisningsopplegg knytt til prosjektet Songs of Travel, har ho vore ansvarleg for naturfag, og gitt innspel til andre fag.

Songs of Travel er eit internasjonalt prosjekt støtta av EU-programmet Creative Europe. Ein av aktivitetane er å lage og dele undervisningsopplegg til skolar i Noreg, Sverige, Irland og Nederland, tilpassa læreplanane i dei ulike landa. Målet er å spreie kunnskap og skape empati rundt klima- og flyktningkrisa.

Brev frå pingvinen

Dei norske undervisningsopplegga er laga for andre til og med tiande trinn, i faga musikk, naturfag, samfunnsfag, engelsk og kunst- og handverk.

Her finn du undervisningsopplegga (songsoftravel.eu).

– Det var skikkeleg morosamt å kunne bidra i eit så stort prosjekt, seier Ramton.

– Eg har mellom anna knytt eksperiment om partikkelmodellen og faseovergangar til berekraft, og lagt opp til at elevane skal hjelpe ein pingvin eller isbjørn med å skrive brev til styresmaktene.

Bakgrunnen hennar kom godt med i dette arbeidet. Ramton er naturfagdidaktikar med hovudfag i kjemi og har også ei masterutdanning i musikkdidaktikk. Ved sida av jobben på OsloMet, har ho gjennom mange år undervist musikk i Rælingen kulturskole. 

Ho har møtt musikkelevar i alle aldrar, og hadde derfor klare bilete i hovudet av kven ho laga opplegga for. Ho har også stått i klasserommet sjølv, både som lærar i skole og lærarutdanning, i praksisoppfølging av lærarstudentar og i ulike prosjekt.  

Maria Alejandra Freyre Vazquez, masterstudent i digitalt læringsdesign ved OsloMet, har også vore med på å lage undervisningsopplegga.

Vil styrke naturen og medmenneskelegdommen vår

Guro Kleven Hagen er norsk partnar i prosjektet, og hadde hovudansvar for heile den norske delen av prosjektet, inkludert undervisningsopplegga. Ho er fiolinist og konsertmeister i Operaorkestret ved Den Norske Opera & Ballett. I tillegg er ho kunstnarisk leiar for festivalen Valdres sommersymfoni og for kammerorkesteret TrondheimSolistene. Hagen er utdanna musikar og har dessutan lærarutdanning frå OsloMet.

– Ein konsekvens av klimaendringane er at folk i større grad må flytte på seg. Vi ønsket derfor å sjå klima- og flyktningsituasjonen i samanheng, seier Hagen.

I Songs of Travel har europeiske festivalar gått saman for å lage undervisningsopplegg og bestille ny musikk som klargjer desse temaa.

– Undervisningsopplegga bruker mykje av musikken vi har bestilt til dette prosjektet. Komponist Lasse Thoresen har besøkt asylmottak, og basert på desse besøka, skrive musikk om å flykte, forklarer Hagen.

– Vi håpar at dette prosjektet bidreg til å klargjere og styrke to av dei viktigaste tinga vi har på jorda, som er naturen og medmenneskelegdommen vår.

Om Songs of Travel

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 13.10.2024 | Siv Tonje S. Håkensen