FoU-utvalet på Fakultet for samfunnsvitskap er rådgjevande overfor fakultetsleiinga, og kan få delegert vedtaksmyndigheit i enkeltsaker.
Møtedatoar blir publiserte på OsloMets råd og utval.
Medlemmer
- Professor Steen Steensen, prodekan (leiar)
- Professor Håkon Larsen (Inst. ABI). Vara: Førsteamanuensis Åse Kristine Tveit
- Faggruppeleder Siri Brorstad Borlaug (Handelshøyskolen ved OsloMet). Vara: Dosent Line Christoffersen
- Professor Birgitte Kjos Fonn (Inst. JM). Vara: Professor Harald Hornmoen
- Professor Rune Halvorsen (Inst. SF). Vara: Førsteamanuensis Therese Saltkjel
- Ann-Sofie Elbrønd Nissen, ph.d.-stipendiat. Vara: Mattis Christensen Oldeide Vaaland, ph.d.-stipendiat
- Eksterne: Kari Steen-Johnsen, Institutt for samfunnsforsking
- Studentar: Andreas Gjeitnes Gundersen. Vara: Sander Vestby
Samansetjing av FoU-utvalet
FoU-utvalet som ressurs skal ha nødvendig forskingsstrategisk og forskingspolitisk kompetanse. Samtidig skal utvalet ha eit heilskapleg blikk for fakultetets verksemd på̊ FoU-området, og kjennskap til overordna FoU-arbeid ved OsloMet.
FoU-utvalet skal ha følgjande samansetjing:
- Prodekan for FoU (leiar)
- 4 representantar frå fakultetets UF‐tilsette, ein frå kvart institutt
- 1 representant frå midlertidige UF-tilsatte (stipendiatar/postdoktorar)
- 2 representantar for studentane
- 1 ekstern representant
Utvalet må totalt sett ha forskningsstrategisk og forskningspolitisk kompetanse, representere ulike forskningsfelt og ha erfairng med forskingsleiing.
Vervet inneber møteplikt. Alle medlemmar i FoU-utvalet skal ha personleg vara.
Seksjon for FoU ved fakultetet er sekretær for utvalet.
Oppnemning / val av representantar
- Dekanen oppnemner ekstern representant. Prodekan FoU er forslagsstillar.
- Dekanen oppnemner UF-tilsette. Prodekan FoU og instituttleiarane er forslagsstillarar.
- Dekanen oppnemner dei mellombelse UF-tilsette for to år av gongen. Prodekan FoU og instituttleiarane er forslagsstillarar.
- Fakultetsrådet til studentane vel sine representantar for eitt år av gongen.
Samansetjinga av utvalet skal vere i samsvar med reglane i Likestillingslovas § 21 om representasjon av begge kjønn i utval, og bør i mest mogleg grad spegle det mangfaldet som finst på fakultetet.
Representantar for UF-tilsette og eksterne representantar kan utnemnast for maksimalt to etterfølgjande periodar.
Funksjonstid
Funksjonstida for utvalet er 4 år, og følgjer fakultetsstyret si periode. Med unntak av studentrepresentantar og de mellombelse UF-tilsette blir utvalsmedlemmer utnemnde for same periode.
FoU-utvalets mandat
FoU-utvalet på Fakultet for samfunnsvitskap er rådgjevande overfor fakultetsleiinga, og kan få delegert vedtaksmyndigheit i enkeltsaker.
FoU-utvalet skal bidra til å utvikle FoU- og innovasjonsarbeidet ved SAM. Utvalet skal bidra til at fakultetet har ein heilskapleg FoU- og innovasjonsstrategi og vere et bindeledd mellom fagmiljø ved institutta og fakultetet si leiing for å kunne fange opp initiativ frå forskingsmiljøa. Utvalet skal m.a. gjennom kontakt med Utdanningsutvalet og Doktorgradsutvalet på fakultetet sikre god kopling mellom FoU og utdanning i alle tre syklusar (bachelor, master og ph.d.).
Utvalet skal gjere vedtak i saker som er delegert frå dekanen og gi råd til fakultetsleiinga i strategiske spørsmål knytt til FoU-utviklinga. Utvalet skal vere ein arena for å diskutere politiske, strategiske, faglege og etiske sider ved forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og for å vurdere erfaringar og resultat. Utvalet kan sjølv initiere utgreiingar på dei områda utvalet finn nødvendig.
FoU-utvalet skal etter delegering frå dekanen:
- fordele fakultetets strategiske midlar innan FoU-området
- fastsetje kriterium for etablering og endring av forskningsgrupper
- godkjenne og evaluere forskingsgruppene etter innstilling frå dei instituttleiarane det vedkjem
FoU-utvalet er rådgjevande overfor fakultetsleiinga i saker som gjeld:
- utvikling og implementering av FoU‐strategi og ev. underliggjande strategiar (for eksempel forskingsformidlingsstrategi, internasjonaliseringsstrategi), i tråd med fakultetets strategi og OsloMets FoU-strategi
- utvikling av gode rammevilkår for forskings‐ og utviklingsarbeid, herunder kriterium for tildeling av FoU‐tid
- arbeid med forskingsetikk og standardar for reieligheit i forsking
- årsplanar og budsjettiltak som gjeld FoU‐verksemda
- høyringssvar innanfor utvalets ansvarsområde
Arbeidsform
Utvalet skal i sitt arbeid legge til rette for diskusjon og erfaringsutveklsing med sikte på å utvikle beste praksis i dei sakene som er til handsaming i utvalet.
Medlemmane i utvalet kan foreslå saker til handsaming. Dagsorden blir fastsett av prodekan.
Ved eventuelle avstemmingar gjeld følgjande: I saker der utvalet er gitt avgjerdsstyresmakt av dekan, har kvart medlem ei stemme. Ved stemmelikskap har utvalsleiar dobbelststemme.
Sekretariat
- Leiar for FoU-seksjonen
- Utvalgssekretær: Kersti Ahrén Heløe