Om kommunen
Nannestad kommune ligg i den nordvestre delen av Øvre Romerike, med kort avstand til Oslo lufthamn Gardermoen. Nannestad er ein jord- og skogbrukskommune, med vakre ravinelandskap og fantastiske turmoglegheiter.
Langs stiar og skiløyper kjem ein forbi spor etter gamle setervangar, ruinar og gravrøysar frå bronse- og jernalder. I enkelte område er det restar av kolmiler, kolgroper og slagghaugar frå jernutvinning av myrmalm.
I dag bur det 16 478 innbyggarar, i hovudsak fordelt på dei fire tettstadene i kommunen: Nannestad sentrum, Maura, Åsgreina og Eltonåsen. Kommunen har dei siste 10 åra lege på landstoppen i befolkningsvekst.
Den sterke befolkningsveksten er prega av relativt unge innflyttarar i etableringsfase. Dette gjer at Nannestad har ei yngre befolkningssamansetning enn gjennomsnittet i landet.
Næringsstrukturen i Nannestad er i stor grad prega av historikken sin som landbrukskommune. Med etableringa av Oslo lufthamn, og den sterke befolkningsveksten som har følgt med etableringa, har det også vore auka næringsaktivitet innanfor bygg og anlegg, persontransport og overnatting.
Samarbeidet med OsloMet
Nannestad har eit ønske og ein ambisjon om at intensjonsavtala med Oslomet skal bere frukter for begge partar, og det blir jobba med å utvikle samarbeidet når det gjeld:
- rekruttering innan både oppvekst- og helsesektoren, men også andre yrkesgrupper i kommunesektoren
- tilrettelegging av lærling- og praksisplassar
- prosjekt knytte til medverknad og lokaldemokrati
- auka deltaking og samarbeid med det frivillige
- utvikling av forskingsprosjekt