Nesodden kommune

Sandstrand med kajakk liggende i forgrunnen. I bakgrunnen tre badehus.

Om kommunen

Nesodden er ei grøn og frodig halvøy i Oslofjorden med 20 700 innbyggarar.  Den vakre naturen, og nærleiken til Oslo, gjer det mogleg å kombinere ro og aktivitet med storbyliv. Nesodden er idylliske strender, kajakkturer på fjorden og kafear og kulturmøteplassar i kvar vik. Halvøya er kjent for solnedgangane sine, som kan nytast frå fleire utsiktspunkt langs kysten. 

Nærleiken til Oslo gir tilgang på arbeidsplassar, shopping, kunst og kultur. Nesoddens kvalitetar tiltrekker både familiar, par, einslege og pendlarar. Næringslivet er dominert av handels- og tenesteytande næringar, med Sunnaas sjukehus som ein av dei største og viktigaste arbeidsplassane.  Den lange kystlinja til kommunen har vekstmoglegheiter for kystbasert næring.

Den største og viktigaste arbeidsplassen på Nesodden er kommunen. Kvar dag går nesten 1 500 tilsette på jobb for å skape det gode livet saman med innbyggarane.

Samarbeidet med OsloMet

I tillegg til det langvarige, og stadig ekspanderande, samarbeidet mellom Sunnaas sjukehus og OsloMet, har universitetet og kommunen no inngått ei intensjonsavtale. Målet med avtalen er å etablere samarbeid innan nokre utvalte, konkrete område, til dømes: 

Når det er etablert eit eller flere område for konkret samarbeid skal intensjonsavtalane erstattast med samarbeidsavtalar.