Om kommunen
Rælingen blei eigen kommune i 1929, og har i dag over 20 000 innbyggarar. Rælingen ligg i Akershus fylke. Det totale arealet i kommunen er 71 km², og av dette er nærmare 90 prosent skog, vatn og dyrka mark. Rælingen er dermed ein kommune med relativt kompakte utbygde område, og mykje natur.
Rælingens særpreg er frodig natur og plasseringa ved innsjøen Øyeren, med rikt antal fugle- og fiskearter. Eit anna særpreg er nærleiken til Østmarka, med eventyraktige skogar og spesielle naturtypar.
Dei siste åra har Fjerdingby blitt etablert som Rælingens sentrum, med ny blokkbusetnad, butikkar, treningssenter og anna næring. I same område finn ein Marikollen idrettspark, som inneheld eit rikt aktivitets- og idrettstilbod heile året.
Rælingen er ein utprega pendlarkommune, der mange av innbyggarane pendlar ut av kommunen til jobb. Rælingen kommune jobbar derfor aktivt for å legge forholda til rette for meir næringsutvikling i kommunen framover.
Samarbeidet med OsloMet
OsloMet og Nes kommune har signert ein intensjonsavtale om samarbeid. Avtala har som mål å etablere samarbeid innan nokre utvalte, konkrete område, til dømes:
- Rekruttering av personar frå kommunane til studium ved OsloMet
- Etablering av private og offentlege «universitetsverksemder»
- Praksis for studentar
- Etter- og vidareutdanningstilbod
- Rettleiing av bacheloroppgåver og andre oppgåver
- Offentleg sektor-ph.d. for tilsette i kommunen
- Samarbeid om forskings- og utviklingsprosjekt
- Pilotering innanfor kommunale tenesteområde og samfunnsutvikling
- Innovasjon i kommunal sektor
Når det er etablert eit eller flere område for konkret samarbeid skal intensjonsavtalane erstattast med samarbeidsavtalar.