Ullensaker kommune

Keplerstjernen av Vebjørn Sand ved Gardermoen flyplass

Om kommunen

Ullensaker er ein av Noregs raskast veksande kommunar, med snart 45 000 innbyggarar. Ullensaker er vertskommune for Oslo lufthamn Gardermoen, og ligg sentralt på Austlandet med byen Jessheim som administrasjonssenter.

Sysselsettinga i Ullensaker er dominert av tenesteytande næringar, i første rekke dei militære institusjonane til kommunen og OSL. I tillegg finst mange arbeidsplassar innan handel og serviceverksemd, og jordbruk med hovudvekt på korndyrking. 

I Ullensaker kan du velje om du vil bu landleg, bynært eller urbant. Kommunen har eit rikt idretts- og fritidstilbod, mangfaldig kulturtilbod og flotte naturområde.

Samarbeidet med OsloMet

Ullensaker kommune har ein ambisjon om at samarbeidet med OsloMet skal komme innbyggarane i kommunen til gode, særleg innanfor sektorane helse og oppvekst. Kommunen og universitetet har allereie samarbeid om å ta inn praksisstudentar, og har no signert ei intensjonsavtale om forsterka samarbeid.

Målet med avtalen er å etablere samarbeid innan nokre utvalte, konkrete område, til dømes:

Når det er etablert eit eller flere område for konkret samarbeid skal intensjonsavtalane erstattast med samarbeidsavtalar.