Om SAMSVAR-seminara
Ved OsloMet har forskingsmiljøa ved Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) og Fakultet for samfunnsvitenskap (SAM) gått saman for å etablere ein arena for meiningsutveksling mellom politikk og forskingsfeltet. Miljøa inviterer til seminar om aktuelle samfunnsutfordringar.
Målet med seminarrekkja er å bidra til å skape profesjons- og praksisrelevant kunnskap, noko som best kan skje i dialog mellom forsking og brukarar.