English version

Fakultetsadministrasjonen

Administrasjonen for Fakultet for teknologi, kunst og design blir leidd av fakultetsdirektøren, og har fire seksjonar og ein stab. Seksjonane er delte inn etter oppgåver, og går på tvers av institutta.

Fakultetsdirektøren

Fakultetsdirektøren er leiar for den samla administrasjonen i Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD), og har personalansvar for seksjonssjefar og tilsette i staben. 

Laster inn ...

Fakultetsdirektøren sin stab

Arbeidsoppgåvene til staben er blant anna planlegging, koordinering og førebuing av saker for fakultetsleiinga og fakultetsstyret, kontakt med studentstyre og organisasjonar, og informasjons- og kommunikasjonsarbeid. Driftsstøtte er også organisert i staben til fakultetsdirektør. 

Kontor for leiarstøtte skal medverke til ei koordinert og profesjonell støtteteneste til institutt- og fakultetsleiing ved fakultetet.

Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering

Seksjon for studium og internasjonalisering arbeider hovudsakleg med informasjon til studentar om studium og studiekvardag, student- og eksamensforvaltning, undervisingsplanlegging, program- og emneplanar, inn- og utveksling og digitale system.

Seksjonen har eit eige studieadministrativt kontor. Studieadministrativt kontor (felleskontoret) har ansvar for det studieadministrative arbeidet knytt til utdanningskvalitet (etableringar, revisjonar og evalueringar), studieadministrative IT-system (FS, TP, EpN, FpW, Canvas, OTRS), og rådgjeving innan internasjonal utdanning.

Laster inn ...

Seksjon for FoU

Seksjon for forsking og utvikling har ei nøkkelrolle i fakultetet si utvikling gjennom arbeid med forskarar og forskargrupper, utvikling og oppfølging av ph.d.-program og administrasjon av forskingsprosjekt.

Laster inn ...

Seksjon for HR

Seksjonen har arbeidsoppgåvene rekruttering og tilsetting, HMS og generell personalforvaltning på fakultetet.

Laster inn ...

Oversikt over tilsette i HR-seksjonen

Seksjon for økonomi

Seksjonen arbeider med budsjett, økonomistyring, regnskap og prosjektøkonomi på fakultetet.

Laster inn ...

Oversikt over tilsette i økonomiseksjonen