Fakultetsstyret utøver i hovudsak makta si gjennom å gjere vedtak om:
- langtidsplan og budsjett
- fakultetet sine tertialrapportar og årsrapport
- strategisk plan for utvikling av utdanningsporteføljen til fakultetet
Mandat for fakultetsstyra ved OsloMet (ansatt.oslomet.no)
Forretningsorden for fakultetsstyra ved OsloMet (ansatt.oslomet.no)
Fakultetsstyret kan delegere makta si til dekanen, med mindre det følgjer av delegasjonsfullmakta at fakultetsstyret sjølv skal ta avgjerder.
Rektor kan delegere oppgåver til fakultetsstyret, med mindre det følgjer av delegasjonsfullmakta at rektor sjølv skal ta avgjerd.
Fakultetsstyret erstatta fakultetsrådet frå 1. januar 2020.
Møte og sakspapir
Sakspapir og møteinformasjon (opengov.360online.com)
Fakultetsstyret sine møte vert haldne for opne dører med unntak av saker som ikkje er offentlege. Observatørar har ikkje talerett.
Møta vert primært haldne fysisk.
Samansetting og funksjonstid
Fakultetsstyret har 13 medlemmer:
- dekanen – som er leiaren i styret
- fire eksterne styremedlemmer
- tre tilsettvalde medlemmer i undervisnings- og forskarstilling
- éin tilsettvald medlemmer mellombels tilsett i undervisnings- og forskarstilling
- éin tilsettvald medlemmer i teknisk og administrativ stilling
- tre studentvalde medlemmer.
- Eksterne styremedlemmer, og varamedlemmene for desse, vert utnemnde for fire år
- Styremedlemmer som er fast tilsette ved institusjonen, og varamedlemmene for desse, vert valde for fire år
- Styremedlemmer frå studentgruppa, og varamedlemmene for desse, vert valde for eitt år
- Styremedlemmer som er mellombels tilsette i undervisings- og forskarstilling, og varamedlemmene for desse, vert valde for eitt år.
Ingen kan veljast att som styremedlem om vedkommande har fungert samanhengande i vervet i åtte år ved byrjinga av den nye valperioden.
Medlemmer
Leiar
- Dekan Laurence Habib
- Vara er prodekanar
Fire eksterne styremedlemmer
- Saira Basit, dekan ved Forsvarets høgskole
- Christian Nørgaard Madsen, dagleg leiar i LPO Arkitekter
- Carina Hundhammer, dagleg leiar i Forskingsalliansen NORIN
- Wesal Khattak, tenestedesigner hos Itera
Vara, dei er korkje numeriske eller personlege:
- Hilde Jorunn Fagerli, avdelingsleiar for klimamodellering og luftforureining ved Meteorologisk institutt
- Lars Holden, forskningsdirektør ved Norsk Regnesentral
- Per Einar Dybvik, leder i StartupLab, business entrepreneur
Tre tilsettvalde medlemmer i undervisings- og forskarstilling
- Vahid Hassani
- Tore Gulden
- Siw Fosstenløkken
- 1. vara: Cecilie Sachs Olsen
- 2. vara: Dimitrios Kraniotis
Ein tilsettvald medlem som er mellombels tilsett i undervisings- og forskarstilling
- June Oline Kunnikoff
- Vara ikkje vald
Ein tilsettvald medlem i teknisk og administrativ stilling
- Nebojsa Rijic
- Vara: Kersti Fosse Blålid
Tre studentvalde medlemmer
- Armruta Chowdary Bojedla
- Rita Therese Slette Keilhau
- Stian Pettersen
- 1. vara: Birgitta Krømcke
- 2. vara: Erika Fonsdal
Arbeidsspråk
Arbeidsspråket til fakultetsstyret er norsk.
Årsplan for saker ut i frå universitetet sin planprosess
Forkortingar: O Orientering, D Diskusjon og V Vedtak.
Februar
- Oppdragsbrev til TKD (O)
- Årsrapport (V)
- Kvalitetsrapport for utdanning (D)
- Langtidsplan (O)
- Langtidsbudsjett (O)
April
- Langtidsplan: Risikobiletet (O)
Juni
- Langtidsplan: Risikobiletet (D)
- Langtidsbudsjett med måltal (O)
- Tertialrapport 1. tertial (V)
- Møtedatoar for det påfølgjande året (V)
September
- Rammefordeling (O)
- Langtidsplan med risikotiltak (D)
- Langtidsbudsjett med måltal (D)
Oktober
- Langtidsplan med risikotiltak (V)
- Langtidsbudsjett med måltal (V)
- Tertialrapport andre tertial (V)
Saker som fakultetsstyret handsamar
I tillegg til desse sakene som korrelerer med OsloMet sin planprosess, handsamar fakultetsstyret større saker som har noko å seie strategisk. Andre saker vert melde inn i linja.
Den leiaren som har hovudansvar for saka, ser til at saka er handsama i andre relevante utval eller råd ved fakultetet, før ho kjem opp til fakultetsstyret.
Dersom saka ikkje er handsama i andre relevante utval ved fakultetet, er siste frist for innmelding av sak i linja til fakultetsstyret, seks veker.
Dersom saka har vore handsama i andre relevante utval ved fakultetet, er siste frist for innmelding av sak i linja til fakultetsstyret, to veker.
Styreleiaren vedtek saksliste for kvart møte ut frå den tida som er tilgjengeleg i møtet.
Styre, utval og råd sentralt ved OsloMet og andre utval og råd ved fakultetet TKD, har eigne fristar for saksgang.
Sekretariat
Fakultetsdirektøren er sekretariatsleiar for fakultetsstyret.
Kontaktperson for fakultetsstyret er styresekretær.