I saker delegert av dekanen kan utdanningsutvalet
- godkjenne nye og reviderte program- og emneplanar for studium til og med mastergradsnivå
- godkjenne mindre endringar i program- og emneplan på ph.d.-nivå saman med doktorgradsutvalet ved TKD
- setje fast retningslinjer knytte til studium ved fakultetet
- setje fast mandat for eksternevalueringar og godkjenne oppsummering av rapport frå eksternevalueringar.
Utdanningsutvalet skal gje innspel og råd til fakultetsleiinga i saker som gjeld
- utdanningskvalitet, kvalitetsrapportering og oppfølging av dette. Når det er relevant skal det gjerast i samråd med doktorgradsutvalet ved TKD
- kvalitetssikringssystemet og implementering av dette på fakultetet
- utgreiingssøknader for nye bachelor- og masterstudium
- utdanningsstrategi og studieportefølje i overordna strategi for fakultet. Når det er relevant skal det gjerast i samråd med doktorgradsutvalet ved TKD og FoU-utvalet ved TKD
- forskrifter og retningslinjer om studium, praksis og eksamen
- relevante høyringar og utgreiingar om høgare utdanning.
Møte og sakspapir
Sakspapir og møteinformasjon (opengov.360online.com).
Alle møte vert haldne kl. 12.30.
Saker vert sendt til sekretæren seinast tre veker før møtet. Saker som vert mottekne under føresetnad av dei er godkjende av leiar. Utsending av sakspapir vert gjort ei veke før møtet. Alle saker vert melde inn i linja.
Medlemmer
Medlemmene i utvalet representerer vitskapleg personale ved institutta, teknisk-administrativt personale og studentar, og det er med eksterne medlemmer. Leiar for utvalet er prodekanen for utdanning ved fakultetet.
Utdanningsutvalet er utnemnt for 2023 – 2027.
Medlemmene i utvalet er:
- Leiar: prodekan for utdanning Marius Lysebo
Vara: prodekan for FoUI Kristin Bergaust - Frå Institutt for bygg- og energiteknikk (BE): universitetslektor Heidi Liavåg
Vara: førsteamanuensis Allen Tadayon - Frå Institutt for maskin, elektronikk og kjemi (MEK): førsteamanuensis Kirsten Aarset
Vara: førsteamanuensis Hanne Thomassen - Frå Institutt for informasjonsteknologi (IT): førsteamanuensis Andre Laestadius
Vara: professor Siw Fosstenløkken - Frå Institutt for estetiske fag (EST): førsteamanuensis Lotta Johannson
Vara: førstelektor Sissel Isachsen - Frå Institutt for produktdesign (PD): universitetslektor Steen Ory Bendtzen
Vara: førsteamanuensis Vibeke Sjøvoll - Frå teknisk-administrative tilsette: seniorrådgjevar Karlijn Hillekens
Vara ikkje utnemnt - Studentrepresentantane: Thomas Fredriksen og Rita Keilhau
Vara: Stian Johan Pettersen og Amruta Chowdary Bojedla
Sekretær for utvalet
Sekretærfunksjonen for utvalet er lagt til Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering.
Aktuelle lenker
- Utdanningsutvalet ved OsloMet (ansatt.oslomet.no)
- Saksdokument og møtetidspunkt for utdanningsutvalet ved OsloMet (opengov.360online.com)
- Regelverk for studier ved OsloMet (student.oslomet.no)
- Læringsutbyte – omgrep og nivå (nokut.no)
- EpN – emneplanlegging på nett (ansatt.oslomet.no)
- Program- og emneplanarbeid i EpN ved TKD (ansatt.oslomet.no)
- Leganto (bibsys.com)