Barnepalliasjon – kompetanse til heile Norden

Portrettfoto i farger. Personen har kremhvit strikkegenser med rødt mønster.

– For at livskvaliteten skal bli så god som mogleg treng barna eit kompetent og godt koordinert lag av fagpersonar rundt seg som ser heile situasjonen og som også tar vare på dei pårørande. Det seier førsteamanuensis Anette Winger ved OsloMet.

Pålagt å ha barnekoordinatorar

Barna bur over heile landet og tenesta må vere tilgjengeleg der folk bur.

– Ofte ser me at det er få stillingar og låge stillingsdelar, slik at kompetansen må delast mellom kollegaer i tverrfaglege oppfølgingsteam.

– Den gode nyheita er at frå hausten 2022 blei kommunane pålagde å tilby ein barnekoordinator som skal ha ansvar for samordning av tenestene til barnet. Dette er ein ny type stilling og rolle som vil ha stor nytte av den kompetansen som ei vidareutdanning i barnepalliasjon gir, seier Winger.

Det starta med kreft

I Noreg har barnepalliasjon hatt utgangspunkt i lindrande behandling til barn med kreft. For å sikre eit tilbod til fleire, uavhengig av sjukdom, blei det i 2011 laga ei nasjonal retningslinje. Nasjonal fagleg retningslinje for palliasjon til barn og unge uavhengig av diagnose (helsedirektoratet.no) tilrår at alle helseregionar opprettar barnepalliative team med hovudansvar for fag- og kompetanseutvikling i regionen, som skal vere rådgivande for dei lokale barnepalliative teama i kommunane.

– Helsedirektoratet gav oss oppdraget med å tilby studiet fordi vi har relevante fag- og forskingsmiljø og samarbeider tett med praksisfeltet, fortel Winger.

Styrke kompetanse og samhandling

Helsepersonell som jobbar med alvorleg sjuke barn må kjenne til kva som er barnets og dei pårørandes behov gjennom heile sjukdomsforløpet.

– Til dette treng vi auka kompetanse hos dei som jobbar med barna og familiane deira. Målet med vidareutdanninga i barnepalliasjon er å kvalifisere personell i lokale- og regionale barnepalliative team.

– For å få til eit godt palliativt tilbod må ulike tenesteytarar, tenestenivå og sektorar samarbeide. God samhandling byggjer på kjennskap til lovar og regelverk, kunnskap om korleis helse- og sosialtenestene er organiserte og innsikt i kva som er kompetanseområda til dei du samhandlar med. Målet vårt er å bidra med kunnskap i alt dette, fortel Winger.

Ønskjer at arbeidsgivarane kjem sterkare på banen

OsloMet er einaste tilbydar av denne utdanninga i Noreg og i Norden. Derfor kjem fleire av studentane langvegsfrå.

– Denne studentgruppa har behov for tilrettelegging og betre økonomiske støtteordningar. Mange betaler reise og opphald sjølv og nokon må også sjølv sørgje for eigne vikarar dei dagane dei er på studiesamlingar, seier Winger.

– Vi skulle gjerne sett at alle studentane våre fekk tilstrekkeleg støtte frå arbeidsgivarane sine slik at dei kan bruke energien på å studere og bli endå dyktigare fagpersonar. Barna og familiane treng dei, avsluttar førsteamanuensis Anette Winger.

Fakta

Vidareutdanninga er tverrfagleg og retta mot sjukepleiarar, fysioterapeutar, legar, ergoterapeutar, pedagogar, sosionomar, psykologar, vernepleiarar, barnevernspedagogar og ernæringsfysiologar.

  • Studiet går over eitt år og gir 30 studiepoeng.
  • Emna er på masternivå og kan søkjast innpassa i masterstudium.
  • Det er tre samlingar pr semester og elles er undervisninga nettbasert.
  • Undervisninga går føre seg på norsk/skandinavisk eller engelsk ved enkelte forelesingar.
  • Studentane hospiterer eller har observasjonspraksis i Noreg, Skandinavia og/eller Europa.
  • Ingen studieavgift, studentane betaler kun semesteravgift.

Podkast

Lytt til "Kva er barnepalliasjon" i podkasten Viten og snakkis ved OsloMet.

Kontakt

Laster inn ...

Relevante saker

Jente i sykehusseng lytter på hjertet til kosedyret sitt med et stetoskop.
Barnepalliasjon: – Barna blir ikke fulgt opp godt nok i dag

Forskere trekker frem fire områder som er viktige for at alvorlig syke og døende barn skal få oppfølgingen de trenger.

Publisert: 02.02.2023 | Marit Christiansen