Silje Stokka og Vanja Dahl Mostue går andre året på master i estetiske fag, studieretning fagdidaktikk: kunst og design. Dei to studentane har ulik bakgrunn, men begge stortrivst på studiet og brenn for god undervising i dei praktisk-estetiske faga. Vanja har tatt bachelorstudiet faglærarutdanning i design, kunst og håndverk, medan Silje har tatt grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10, og har matematikk, naturfag, pedagogikk og kunst og handverk i fagkrinsen.
Silje fortel at ho først høyrde om denne masteren då ho tok kunst og handverk siste året på grunnskuleutdanninga.
– Eg opplevde kunst og handverk-faget som stort, med veldig varierande innhald, og ønskja meir fagleg tyngde etter å ha tatt 60 studiepoeng. Masterstudiet gir moglegheit til å verkeleg fordjupe seg i det du brenn for, lære meir og bli betre rusta til å arbeide i den framtidige skulen, som blant anna har fokus på djubdelæring og praktisk-estetiske fag.
For Vanja var det eit naturleg val å gå vidare med ein master i estetiske fag.
Som faglærar i design, kunst og handverk ønskja eg jo å jobbe med undervising og eg ville ha større kompetanse innan fagfeltet. Og med tanke på utviklinga som skjer i skulen følte eg det var riktig å gå vidare med ein mastergrad der ein oppnår status som lektor.– Vanja
Rosar studiemiljøet og lærarane
– Eg føler eg har vore veldig heldig med både studiemiljøet og lærarane, smiler Vanja.
– Studiemiljøet er kjempebra og alle medstudentane kjem godt overens og har det gøy saman, noko som er veldig viktig. I tillegg er vi flinke til å dele erfaringar, drøfte kvarandre sine idear og hjelpe kvarandre på eit profesjonelt nivå - samtidig som vi går ut og et saman, har klassefestar og ler mykje saman.
– Vi er ei lita gruppe, noko som skapar tette bånd og gjer at lærarane ser studentane. Janne Reitan og Liv Merete Nielsen er kjempegode klasseleiarar og motivatorar. Dei har gjort studietida spanande og morsom på same tid.
Silje nikkar.
– Vi er gode på å dele erfaringar, le og ha det hyggeleg i lag. I tillegg har vi hatt ein del samarbeid og felles undervising med dei andre studieretningane på master i estetiske fag og med deltidsstudiet, noko som har vore veldig fint. Ein får då sett ein større breidde, med ulike moglegheiter og andre innfallsvinklar.