På bachelorstudiet i psykologi med vekt på atferdsanalyse lærer du korleis menneskeleg atferd påvirkast og endrast. Denne kunnskapen kvalifiserer blant anna til å jobbe som miljøterapeut.
– Eg har allereie fått jobb ved ei bueining for unge menneske i Lørenskog kommune. Mitt inntrykk er at psykologiutdanning med vekt på atferdsanalyse er ettertrakta på arbeidsmarknaden, seier Marie Pilgaard Jonassen (29), som opprinneleg hadde tenkt å bli veterinær.
Eg synest det er veldig interessant å lære om korleis teknikkar i atferdsanalyse kan hjelpe menneske til å skape endringar som har stor betydning for den enkelte. Kort fortalt kan atferdsanalyse benyttast til å forsterke atferd du ønskjer meir av og redusere uønska atferd.– Marie Pilgaard Jonassen
Hjelper menneske til å skape endring
Tredjeårsstudenten ved OsloMet sin avdeling på Kjeller syns det er veldig fint å ha moglegheit til å gå rett ut i jobb etter fullført bachelor, sjølv om det sikkert også hadde vore spanande å gå vidare på master.
Dersom du ønskjer å studere vidare, tilbyr OsloMet også eit masterstudium i atferdsvitenskap – samt at du er kvalifisert til å søke deg inn på fleire mastergradar ved andre universitet.
Begynte å studere i vaksen alder
Martin Myhr Wallin (34) hadde vore innom litt forskjellig før han søkte seg inn på bachelorstudiet i psykologi med vekt på atferdsanalyse for snart to år sidan. Blant anna har han gått kokkelinja og jobba på bensinstasjon, men no var han klar for å byrje å studere.
– Eg vil jobbe med menneske på ein eller anna måte. Med psykologi har du mange moglegheiter. Eg har veldig sans for den retninga innan psykologi som baserast på atferdsanalyse, då dette byggjer på metodar som beviseleg gir resultat, seier Martin.
Ettersom OsloMet er det einaste universitetet i Norge som tilbyr dette studiet, var valget ganske enkelt. Han fortel at praksisperiodane har vore fantastiske.
– Eg fekk praksis i PP-tenesta, og gjennom dette har eg jobba i ein barnehage med oppfølgjing av eit barn med ein funksjonsnedsetting. Det har vore heilt utruleg å sjå den framgangen barnet har hatt i løpet av relativt kort tid.
– Det har også opna augene mine for at min framtidige jobb kan inkludere for eksempel å jobbe med barn. Ved å gå inn tidlig i livet kan ein gjøre ein stor skilnad takka vere atferdsanalytiske metodar, seier han.
Høgt fagleg nivå
Marie Pilegaard Jonassen roser de faglege ansvarlege for studiet, som har sørga for eit særs høgt fagleg nivå.
– Forelesarane er så engasjerte og skapar eit godt læringsmiljø med mange spanande faglege diskusjonar. Vi får god oppfølgjing og svar når vi lurer på noko, fortel ho.
Det blir også leigd inn eksterne forelesarar som representerer dei beste innan sitt felt – og gir variasjon.
I tillegg har bachelorstudentane blitt fulgt opp av to masterstudentar, som har vore med gjennom studiet på ulike seminardagar, innleveringar og presentasjonar.
– Dei har inspirert mange i klassen med sin kunnskap og «drive» og har vore ein sentral del av det gode miljøet i klassen, seier Marie, som har trivdes særs godt både fagleg og sosialt.
Interessert i atferdsanalyse
Ho vurderte også andre psykologistudiar, men landa på OsloMet nettopp på grunn av fordjupninga i atferdsanalyse.
Atferdsanalyse har røtter i behaviorisme og læringspsykologi og kan brukast både til å forstå og endre atferd hjå både menneske og andre dyr.
Atferdsanalyse er blant anna viktig utgangspunkt for mange hundeinstruktørar og andre som jobbar med dyr som skal tilegne seg ulik atferd.
Som tidligare veterinærstudent og hundeeigar har Marie mykje erfaring med dyr. Dette har også komme til nytte i psykologi-studiet.
– Eg hadde min praksisperiode hjå ein hundeinstruktør. Og nokre av mine medstudentar har vore i praksis i Dyreparken i Kristiansand, fortel ho.
Ulike praksismoglegheiter
Når du skal ut i praksis, kan du velje å delta i forsking om du ønskjer deg ein akademisk karriere eller klientnær praksis som gir kvalifikasjonar til miljøterapeut-stillingar.
Frå og med 2021 kan du gjennom studiet i psykologi med vekt på atferdsanalyse, få kvalifisering som miljøterapeut, dersom du har minst 540 timar praksis i løpet av dei tre studieåra. For Marie, Martin og deira medstudentar som starta før denne ordninga kom, har OsloMet tilpassa slik at dei også vil få kvalifisering som miljøterapeut.
På grunn av at eg går på dette studiet, har eg fått ekstrajobb som yrkesrettleiar. Dette gjer at eg har endå meir relevant erfaring når eg skal ut og søke jobbar etter fullført bachelorgrad.– Martin Myhr Wallin
En miljøterapeut planlegg og tilrettelegg kvardagen for menneske som har behov for behandling, oppfølgjing eller tilrettelegging.
Arbeidsplassen kan for eksempel vere i omsorgsboligar, rusomsorgen, psykiatrisk helseteneste eller i skule og barnehage.
Miljøterapeut er ein relativt ny yrkesbetegnelse, og det er stor etterspurnad etter arbeidssøkarar som er kvalifisert til slike stillingar.