– Eit privilegium å få delta på vidareutdanninga i tysk

Vidareutdanningsstudentane i tysk poserer foran ein fargerik vegg med kunst

På kort tid har Kristin Thoresen lært utrulie mykje, blitt tryggare i språket og i sin rolle som framandspråklærar. Ho gler seg til å undervise i eigne tysktimar.

OsloMet sin vidareutdanning i tysk for lærarar er ein kombinasjon av samlingar i Oslo og i Tyskland, i tillegg til nettbaserte aktivitetar og undervising.

Her styrkar du dine språkkunnskapar, får oppdatert kunnskap og nyttige ferdigheiter til det praktiske arbeidet med språk i klasserommet.

Ann-Karin Lesteberg er ein av studentane som vidareutdannar seg til å bli tysklærar. Ho skryt av det pedagogiske opplegget.

– Sjølv om eg budde eit år i Tyskland for 30 år sidan syns eg det er veldig nyttig å bli tryggare på det tyske språket og i min rolle som lærar i framandspråk.

– Eg har fått ei anna forståing av språket so oppbygging. Mykje som før føltes håplaust, har eg no fått eit nytt syn på.

Vidareutdanningstilbodet finst også for lærarar i fransk og spansk. Studentane gir tilbakemeldingar om at dei har stort utbytte av utdanningane.

– Sjølv om Norge og Tyskland ligger geografisk ganske nært kvarandre, er det likevel store kulturelle forskjellar. Å sjå korleis skulane i Tyskland fungerer i praksis var utruleg nyttig, seier Lesteberg.

Studentane blei også invitert heim til ein av professorane for å lage «spätzle», ein slags spagetti. Dette beskriver dei som krevjande, men lærerikt. 

Trudde ikkje ho hadde nok språkkompetanse til å ta utdanninga

Nina Cecilie Mjelde Karlsen jobbar på ein liten skule på ei øy i Nord-Norge, der ho får oppgåver som ho ikkje alltid føler at ho meistrar.

Sidan ho er den eineste læraren ved skulen som har litt språkkompetanse i tysk, enda ho opp med å stå ansvarleg for tyskundervisinga.

– Studiet har vore veldig nyttig for meg. Opplegget er fantastisk, gjennomtenkt, strukturert og variert. Kombinasjonen av digitale samlingar med tilhøyrende oppgåver i etterkant fungerer veldig bra.

– Tandemmøter annakvar veke med tyskspråkleg lærar, fysiske samlingar på OsloMet og to studieturar til Freiburg, har blitt organisert og leia av svært kompetente føreleserarar som følgjer oss tett.

Eg har fått tysk språk og kultur inn i hjarta, noko som garantert vil bidra til å forbetre mi undervising i faget – Nina Cecilie Mjelde Karlsen

Ho beskriv veka i Freiburg som heilt fantastisk. Studentane blei møtt av mange dyktige og hyggelege menneske, og det var eit variert opplegg frå morgen til kveld.

– Vi måtte praktisere tysk kvar dag, og har lært masse om tysk kultur. Vi hadde dyktige førelesarar som lærte oss nyttige didaktiske metodar. Vi fekk også treffe tandempartnarane våre.

– Det faglige opplegget var i hovudsak retta mot vår undervising med mykje fokus på metodar.  I tillegg var det helt topp å få vere på skulebesøk på Max Weber Schule.

– Eg føler meg privilegert og utruleg heldig som har moglegheita til å delta på dette studiet, seier Karlsen.

Studenthistorier

Studenter går på campus og snakker sammen i sommervær
Drømmer du om å undervise i tysk, fransk eller spansk?

Nytt utdanningstilbud gjør det mulig å kombinere lærerjobben med en videreutdanning i å bli språklærer.

Portrett av lærerstudent på OsloMet, Glenn Enochsen.
Har allerede fått jobb som lærer på hjemstedet

Glenn Enochsen (23) fra Hammerfest begynte å tenke på læreryrket allerede på ungdomsskolen. Nå gleder han seg til å komme tilbake til den samme skolen – som ferdig utdannet lærer.