Utveksling i Danmark - større kulturelle forskjellar enn ein trur

Bilde av Hedda Næss

– Ved å reise på praksisutveksling får ein oppleve barnehagen på ein anna måte enn ein gjer i Norge. I tillegg blir ein kjent med mange nye menneske, også internasjonale studentar. Eg fikk også gode vener frå OsloMet som eg sannsynlegvis aldri hadde møtt om vi ikkje tilfeldigvis valde å reise til same stad. Det var spanande og lærerikt, og eg har fått ei oppleving for livet, seier Grøttum.

Før dei reiste tenkte både Grøttum og Næss at det ikkje var så store forskjellar mellom barnehagar i Danmark og Norge. Dei blei begge overraska over kor stor forskjell det var, spesielt med bemanninga knytt til drift og organisering. Det påverka barnehagekvardagen.

Barna kunne slite med å forstå kva vi sa, og dei syns vi snakka rart – Mari Grøttum

– I Danmark har dei ikkje ein bemanningsnorm på same måte som i Norge, og det er fleire barn per voksen i barnehagane. Det opplevdes som at personalet hadde lite tid til å gjennomføre planlagde aktivitetar og barnehagane kunne til tider opplevast som ganske kaotiske, seier Grøttum.

– Det var også interessant å sjå kor sjølvdrevne og sjølvstendige barna var og at dei brukte kvarandre dersom dei trengte hjelp, supplerer Næss. 

Morsomt for barna å lære norsk

– Generelt virka det som at danskane var dårlegare på å forstå norsk enn vi var på å forstå dansk. Barna kunne slite med å forstå kva vi sa, og dei syns vi snakka rart. Eg lærte meg raskt kva ord eg måtte bytte ut for at både vaksne og barn skulle forstå meg betre, seier Grøttum.

Eg har blitt mindre redd for å prøve noko nytt, og eg har gjort meg erfaringar som har ført til at eg har blitt tryggare og meir reflektert i jobben min som barnehagelærar – Hedda Næss

– Før eg reiste syns eg dansk kunne vere vanskeleg å forstå, men når ein høyrer det rundt seg til ein kvar tid kjem ein fort inn i det. Barna var også veldig interesserte i å lære norske ord, og vi hadde det veldig gøy når vi kunne leike oss med språket, fortel Næss.

Student Mari Grøttum foran ein kvit vegg

Student Mari Grøttum Foto: Privat

Pedagogisk måltid

Danske barnehagar prioriterer i større grad eit godt mattilbud enn norske barnehagar. Barnehagane hadde eigen kokk som lagde alle måltida til barna i løpet av dagen.

Både Grøttum og Næss fortel at det dagleg blei servert fleire måltid og ofte eitt varmt måltid. Ansatte åt saman med barna for at barna skulle sjå at maten var god, skape matglede og gode samtalar. Pedagogane kalla dette for pedagogisk måltid. 

Anbefaler studie- og praksisopphold i utlandet

– Det å ha praksis i utlandet har gjort at eg i større grad klarar å sjå ting i perspektiv. Eg har blitt mindre redd for å prøve noko nytt og eg har gjort meg erfaringar som har ført til at eg har blitt tryggare og meir reflektert i jobben min som barnehagelærar, avsluttar Næss.

Studenthistorier

Portrett av lærerstudent på OsloMet, Glenn Enochsen.
Har allerede fått jobb som lærer på hjemstedet

Glenn Enochsen (23) fra Hammerfest begynte å tenke på læreryrket allerede på ungdomsskolen. Nå gleder han seg til å komme tilbake til den samme skolen – som ferdig utdannet lærer.

Usma Ahmed ser i kameraet og smiler
En brobygger i barnehagen

Barnehagelærer Usma Ahmed (27) brenner for å hjelpe barn med særlige behov. Hun gikk derfor rett fra bachelor til master i barnehagekunnskap.