English version

Vindauge mot framtidas byar

Studentane i saka framfor ein trikk. Alle har på seg vinterjakke.

Dei fyrste studentane på masterstudiet i smart mobilitet og urban analyse (frå hausten 2023 heiter studiet transport- og byplanlegging) er i gang med studiane. 

Her blir dei kjende med ny teknologi, og møter stor interesse frå store selskap som jobbar med by- og transportplanlegging. 

At berekraft er i vinden merkast godt, og det opnar seg vindauge mot framtidas byplanlegging.

Vi møter masterstudentane Syeda Amna Fatima, Asim Lamsal og Markus Emanuel Wehrmeister Tonjer.

Tett på aktuelle prosjekt

Etter at dei tok til på studiet fekk dei raskt arbeidslivskontakt, dei vart utfordra i å bruke aktuell programvare som dei får god nytte av seinare. Dei kom tett på lærarane, som er veldig merksame på at studentane har det dei treng i kvardagen.

– Vi har fått kontakt med høgt anerkjende selskap, og sett nærare på sanntidsprosjekt, fortel Asim. 

Gjesteførelesarar og eksternt fagleg samarbeid og nettverk har gjort dette mogleg.

Første semesteret har studentane fått introduksjon til fagfeltet.

– For meg har det vore ei god oppleving å ta til på dette masterstudiet. Eg fekk god hjelp av lærarane til å kome i gang, seier Amna.

Kva er smart mobilitet?

Smart mobilitet fokuserer ofte på tiltak for å skape ein grønn og berekraftig transportsektor med å legge vekt på bruk av ny teknologi, digitalisering, nye organisasjonsformer, betre informasjonsflyt, betre samarbeid og anna.

 

 

Ny teknologi og innovasjon gir moglegheiter for framtidas byar

– Mest spanande er ny teknologi og nye idear. Det er mykje diskusjon om berekraft, og bruk av ny teknologi og innovasjon i transportløysingar og i det menneskeskapte miljøet i ein by, sier Asim.

– Vi føler vi får vere med på å forme framtida. Sjå nærare på korleis byar vil kunne sjå ut, og korleis vi kan bevege oss rundt i dei, seier Markus.

– Vi ser av dei selskapa som jobbar med dette, korleis dei har endra på ting, og modellert løysingar ved å bruke dei same digitale verktøya som vi lærer å bruke, vi som skal bli spesialistar på planlegging av berekraftige byar med smarte transportløysingar, seier Asim.

– Ut i frå det gjesteførelesarane fortel oss, trur eg at vi vil ha mange moglegheiter i arbeidslivet, seier Amna.

Markus, Asim og Amna studerer kart ved eit vegkryss i Oslo.

Markus (frå venstre), Asim og Amna ser nærare på korleis byar kan sjå ut med nye løysingar for mobilitet, transport og areal. Foto: Olav-Johan Øye

Byggingeniørfag, landskapsplanlegging og bygningsarkitektur la grunnlaget

Studentane har litt forskjellig fagleg bakgrunn frå bachelorstudie, men alle har tatt utdanning som gjorde dette masterstudiet aktuelt.

– Eg var interessert i transportingeniørfag, og ville lære meir om byplanlegging. Eg hadde alt ein bachelorgrad i byggingeniørfag, og ville ha spesialisering i transportplanlegging og byplanlegging, seier Asim.

– Eg kjem frå den andre sida av spekteret, og hadde studert landskapsplanlegging på eit ganske detaljert nivå, men eg innsåg at eg kanskje ville gjere det betre om eg zooma litt ut og jobba med byplanlegging i ein litt større skala, seier Markus som har studert på Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Eg tok bachelor i bygningsarkitektur-ingeniørfag frå Pakistan, og blei anbefalt å ta ein skandinavisk grad for å få betre jobb- og karrieremoglegheiter. Eg har familie her, og kunne ikkje søke meg ut av Oslo, seier Amna.

På dette feltet er det ein stor fordel å ha ein mastergrad når du skal jobbe i Skandinavia, spesielt om du vil jobbe i dei store byane, meiner studentane.

– Då eg søkte jobb, ønskte dei meir spesialisering i prosjekt. Og det er også ein viktig grunn til at eg valde dette masterprogrammet på OsloMet. Eg ville ha denne kompetansen, og gjerne studere i sentrum av Oslo, seier Asim.

Eit godt val av masterstudium

– Vil de råde andre til å ta dette masterstudiet?

– Ja, sjølvsagt. For oss er det ei litt spesiell reise å vere dei første studentane, sier Markus.

– Med tanke på arbeidsmarknaden, er det eit godt val, særleg om du vil vite meir om korleis mobilitet kan planleggast på ein smart måte i ein by, og korleis politiske avgjerder kan påverke korleis vi kan bevege oss i byen, seier Markus.

– Ut frå det vi veit no, og det vi har fått høyre frå arbeidslivet, vil vi tilrå studiet til andre, seier Asim.

Mange karrieremoglegheiter

– Og vi treng heller ikkje gå i same retning, vi kan også velje frå eit ganske breitt felt. Det vil gi oss mange moglegheiter, seier Markus, som gjerne rådar nye studentar til å vere opne og nysgjerrige, og sjå etter moglegheiter, når dei tek til på studiet.

– Byplanlegging er komplekst, det har så mange lag av tema du kan gå nærare inn på. Det er dessutan mogleg å påverke utdanninga med å ta initiativ.

– Og vi har erfarne lærarar som har erfaring i å samarbeide eksternt, for eksempel med store selskap og statlege myndigheiter, seier Asim.

Markus og Amne siktar seg inn mot byplanlegging, medan Asim siktar seg meir inn mot transportplanlegging og mobilitet.

Og det trengst mykje innovasjon og nytenking.

– Planar om å skyve ut bilane av bysentrum krev berekraft. Det krev nytenking, og du bør ta med unge menneske som har eit anna tankesett enn det som har vore vanleg. Det trengs fleire folk til å vere med på å forme framtidas byar, seier Markus.

Markus, Asim og Amna står ved en fotgjengerovergang mens en av bytrikkene i Oslo køyrer forbi. Det er fint vintervær og studenene er kledd i tykke jakker og luer.

Bachelorstudium i landskapsplanlegging, byggingeniørfag og bygningsarkitektur har gjort masterstudiet i smart mobilitet og urban analyse aktuelt for Markus, Asim og Amna. Foto: Olav-Johan Øye

Dei store selskapa vil ha oss

– Det er ei god oppleving at eg allereie har fått sommarjobb knytta til smart mobilitet i eit av dei store selskapa, og høyrt dei seie at det er ein enorm etterspurnad etter folk som oss. Folk som kan byplanlegging og har innsikt i smart mobilitet, seier Asim. 

Potensialet finst i ulike selskap og statlege organ, kommunar og fylke. 

– Samtidig må vi bestemme oss for kva spor vi skal følgje og kva vi skal velje.

Emna som gir innsikt

Studentane fortel om nokre av emna dei tek i vårhalvåret, det andre semesteret i studiet.

– Vi skal ha eit emne om geografiske informasjonssystem (GIS), der vi lærer programvara. Vi skal også ha eit emne om inkluderande, berekraftige og smarte byar, og eit om transportmodellering og analyse, seier Amna.

– Det første semesteret var veldig generelt. I det andre semesteret bevegar vi oss meir på innsida, med tanke på at vi kan velje å spesialisere oss meir i det tredje semesteret, seier Asim.

Då blir det meir spesialisering i «Space Syntax» som gir inngåande kunnskap om korleis komplekse arkitektoniske og urbane system fungerer, og korleis areal kan planleggast, designast og tilretteleggast for å bidra til eit betre samfunn.

Eller dei kan spesialisere seg i urban mobilitet som gir inngåande kunnskap om arealbruk og transportplanlegging som kan møte behova til innbyggjarane i smarte og berekraftige byar.

I fjerde semester skal studentane jobbe med masteroppgåve. 

Men i andre semester gjenstår det mange spørsmål og avklaringar før dei har bestemt seg for kva dei skal skrive om, og kva slags retning dei skal spesialisere seg i.

Bilete av Asim, Markus og Amna på fortauet med tett trafikk av bilet og ein buss i bakgrunnen.

Nokre stader er trafikken veldig tett. Å skyve ut bilar av bysentrum krev berekraft og nytenking. Asim (frå venstre), Markus og Amna vurderer trafikkløysingar. Foto: Olav-Johan Øye

 

Mer om masterstudier

Portrett av Kjetil Lindberg
– Å ta en master er et valg som kan påvirke hele yrkeskarrieren

I Multiconsult jaktes det hele tiden på jobbkandidater med oppdatert fagkunnskap. Søkere med en master på CV-en blir fort ekstra interessante – og kan få spennende oppgaver tidlig.

Publisert: 21.03.2023 | Olav-Johan øye