Skrive inn referansar manuelt
Kva felt skal fyllast ut – APA 7th (PDF, student.oslomet.no).
Importere frå databasar til EndNote
Du kan søke og importere referansar frå databasar til EndNote-biblioteket ditt.
Dette kan gjerast på fleire måtar:
- Søk i databasar og eksporter til EndNote (sjå etter Export eller Send til-knapp).
- Søk og importer via EndNote.
- Søk i database, mellomlagre resultat, importer til EndNote.
Importere referansar frå Word til EndNote
EndNote kan hente referansane frå eit dokument med referansar som er laga med utgangspunkt i eit anna EndNote-bibliotek.
Tenk deg at du får eit Word-dokument frå ein medstudent eller kollega med referansane som er henta frå hans eller hennar EndNote-bibliotek. Følg denne fremgangsmåten for å importere desse referansane til EndNote-biblioteket ditt:
- Berre teksten og EndNote-programmet må vere opna på PC-en, lukk derfor andre program.
- I EndNote-programmet: Gå til Tools > Cite While You Write (CWYW) > Import Traveling Library.
- Vel eit EndNote-bibliotek eller -base som du ønsker å få referansane importert til. Referansane kjem inn med ein gong!
Slette duplikat
Automatisk sletting av duplikat ved import fungerer berre ved søk og import via EndNote (Online Search).
Rettleiing frå Universitetet i Stavanger: fjerne duplikat (stavanger.instructure.com).
Dersom du ønsker at referansar som allereie ligg i biblioteket ditt ikkje blir importert på nytt:
Edit > Preferences > Duplicates > hak av for Automatically discard duplicates.
NB! Dette gjeld berre ved Online Search, ikkje ved søk direkte i databasen og deretter eksport til EndNote.
Treng du hjelp?
Kom på kurs eller rettleiing i biblioteket (student.oslomet.no).