Kva kan Keenious brukast til?
Keenious er eit kunstig intelligens-basert søkeverktøy som anbefaler relevante forskingsartiklar ved å analysere teksten i dokumentet ditt.
Du kan enten bruke Keenious-funksjonaliteten i Word eller laste opp ein PDF til nettsida til Keenious (keenious.com).
Keenious erstattar ikkje tradisjonelle søkeverktøy, men kan brukast som eit supplement. Det er særleg eigna til å få idear og inspirasjon i startfasen av ein tekst, og dessutan til å sjekke om det er fleire relevante referansar som kan nyttast i skrivearbeidet.
Verktøyet analyserer både norske og engelske tekstar, men foreslår berre engelskspråklege artiklar.
Når du bruker Keenious kan du til dømes markere delar av teksten du ønsker å finne kjelder til, og Keenious viser deretter resultatet i høgre side av dokumentet. Du kan også filtrere "søket" etter emneord (keyword filtering), år eller talet på siteringer (citation count).
Kort video om korleis bruke Keenious (youtube.com).
Keenious i Word
Som student eller tilsett ved OsloMet finn du Keenious i verktøylinja i Word under Heim.
Har du ikkje Keenious i verktøylinja i Word? Legg til Keenious via Heim og Tillegg, eventuelt Set inn og Skaff deg tillegg, i verktøylinja.
Keenious i nettlesar
Ved å logge deg inn på Keenious si nettside (keenious.com), kan du enten lime inn teksten du ønsker å analysere eller laste opp ei PDF-fil.
På Keenious nettside kan du finne meir informasjon om korleis du kan bruke Keenious i nettlesar (keenious.com).
Kurs i Keenious
Universitetsbiblioteket holder kurs i Keenious. Oversikt over kommende kurs (student.oslomet.no).