Noreg og Sverige har vore knytt til EU på kvar sin måte i 30 år, gjennom EØS-avtala og EU-medlemskap, og i april i år kom EØS-utgreiinga, som antydar at Noreg bør samarbeide endå tettare med EU.
I forskinga på «europeisering» av nasjonalstaten, har det blitt vist til at nasjonale forvaltningar gradvis blir del av eit større felleseuropeisk administrativt område.
Men det har vore uklart korleis det lokale forvaltningsnivået, kommunane, passar inn i denne forteljinga – og med kva konsekvensar.
Mykje av det praktiske samarbeidet med EU finn stad lokalt – i kommunane.
Er det forskjell på EU-arbeidet i norske og svenske kommunar? Altså: Har EU-medlemskap eigentleg noka betydning?
Prosjektet «Municipalities in the Multilevel European Union Administration» (MIMAS) har undersøkt korleis norske og svenske kommunar blir påverka av EU/EØS.
Resultata viser at også kommuneforvaltninga på veldig mange måtar er del av eit felleseuropeisk administrativt område.
Det krev ei ny forståing av korleis store og små kommunar opererer i fagmiljø knytte til EU-forvaltninga.
Vi serverer kaffe, bakverk og resultata av eit fire år langt forskingsprosjekt om korleis EU eigentleg opererer i lokal forvaltning.
For å kunne berekne antal bakverk, ber vi om at du melder deg på arrangementet (gul knapp øvst på sida).
Velkommen!