Nordisk seminar om forsking på yrkesfag

Få innblikk i oppdaterte perspektiv frå forsking på yrkesfag og fag- og yrkesopplæring med Norden som kontekst. Det blir bidrag frå Sverige, Finland og Noreg.

Nordisk samarbeid om forsking på yrkesfag bidrar til felles forståing av utvikling, læring og kunnskap i fag- og yrkesopplæringa. Den nordiske modellen er vidare ei vesentleg forståingsramme for forsking på yrkesfag. 

Tema som blir belyste i seminaret vil vere simulering i yrkeslæring, kritisk realisme og perspektiv på kompetanse og menneskeleg utvikling i yrkesopplæringa, vurdering og kvalitet i fag- og sveineprøver, og dessutan tidlege refleksjonar frå eit nystarta forskingsprosjekt om opplæring av helsefagarbeidarar. 

Målgruppa for seminaret er forskarar, studentar og andre interesserte. 

Meld deg på innan 11. desember. 

Program

09.00: Velkommen ved instituttleiar Anna Hagen Tønder, Institutt for yrkesfaglærarutdanning, OsloMet.

09.10: Song Ee Ahn, Senior Associate Professor, Linköpings universitet: Simulatorstödd undervisning för yrkeslärande.

09.40: Grete Haaland, professor, Institutt for yrkesfaglærarutdanning, OsloMet: Vurdering og kvalitet i fag- og sveineprøver? 

10.10-10.30: Pause med kaffi.

10.30-11.00: Niklas Rosenblad, Postdoctoral Researcher, Helsingfors universitet: Kritisk realism och yrkesutbildning som en livsbejakande strävan – en kritik av diskursen baserad på “förmågor”. 

11.00-11.30: Siw Martinsen Watz, førsteamanuensis og Mia Vabø, professor, institutt for yrkesfaglærarutdanning, OsloMet: Opplæring av helsefagarbeidarar - stafett eller veksling?Refleksjonar frå eit nyoppstarta forskingsprosjekt. 

11.30-11.40: Oppsummering ved Hedvig Skonhoft Johannesen, professor, OsloMet.

11.40-12.15: Lunsj ved Institutt for yrkesfaglærarutdanning.

Seminaret blir leidd av Hedvig Skonhoft Johannesen, Institutt for yrkesfaglærarutdanning, OsloMet.

Meir om bidragsytarane:

Laster inn ...

Seminaret blir arrangert av forskingsgruppa Livslang læring og Senter for kunnskap om yrkesfag, Institutt for yrkesfaglærarutdanning, OsloMet.

Velkommen!

Kontaktperson

Laster inn ...