Personvernerklæring for OsloMet – storbyuniversitetet (ansatt.oslomet.no).
Kva er cookies/informasjonskapslar?
Informasjon om informasjonskapslar/cookies på denne sida gjeld berre hovuddomenet oslomet.no.
Cookies – også kalla informasjonskapslar – er små tekstfiler som blir lagra lokalt på datamaskina di, og er ein standardteknologi som nærast alle nettstader brukar.
Dei fleste nettlesarar (som til dømes Google Chrome, Safari og Internet Explorer/Edge) er stilt inn å for automatisk akseptere cookies, men du kan velje å endre desse innstillingane om du ønskjer. Gjer du dette kan det føre til at ikkje alle nettsider vil fungere optimalt.
Den reviderte ekomlova (paragraf 2-7b) krev at vi gir informasjon om korleis vi brukar informasjonskapslar på nettstaden. Så lenge vi har informert om kva cookies vi brukar, kva opplysningar som blir handsama, føremålet med handsaminga og kven som handsamar informasjonen, er innstillinga i nettlesaren din nok for eit samtykke til at vi brukar cookies. Sjå nedst på denne sida om du ønskjer å trekkje tilbake samtykket ditt, eller endre innstillingane i nettlesaren din.
Kvifor brukar OsloMet.no cookies?
OsloMet.no brukar cookies til å generere statistikk for bruken av nettstaden. Vi brukar ikkje andre cookies, som til dømes Facebook, Snapchat eller Google.
Statistikken er eit reiskap for å forbetre nettstaden vår, i tillegg til å vurdere effekten av marknadsføring på andre digitale plattformar. For kvar side som blir vist, blir følgjande opplysingar lagra på serverane våre:
- kva for ei side du ser på, kva side du kjem frå og kva for ei side du går til
- om du har besøkt nettstaden vår tidlegare
- dato og tidspunkt for besøket
- kva for ein nettleser du brukar, og kva operativsystem du har
IP-adressa di blir anonymisert, og kan ikkje bli knytt til din person.
Siteimprove
Siteimprove er eit verktøy vi brukar for å forbetre kvaliteten på innhald på nettsidene våre (til dømes brotne lenkar, språk og universell utforming). Den har også ein analysemodul som brukar følgjande informasjonskapslar:
nmstat: Denne informasjonskapselen inneheld ein tilfeldig generert ID som blir brukt til å kjenne att nettlesaren din når du les ei side. Den samlar statistikk om bruk av oslomet.no, som til dømes når brukaren sist besøkte nettstaden. Informasjonskapselen inneheld inga personleg informasjon og blir berre nytta til nettanalyse.
OsloMet sine Facebook-sider
OsloMet.no brukar Facebook-sider for å kommunisere med eksterne målgrupper og for å kunne ha tilgang på annonseplattforma til Facebook. Facebook samlar inn personopplysningar frå alle som besøker OsloMet sine Facebook-sider, både dei som er innlogga med Facebook-profil og dei som besøker sidene utan å vere innlogga. Dette gjer Facebook ved å installere cookies i nettlesaren din.
Facebook gir OsloMet.no tilgang til besøksstatistikk frå våre Facebook-sider slik at vi kan analysere korleis innhaldet vårt (innlegg, videoar, artiklar osv.) blir sett og brukt. Vi kan vidare sette opp annonsar basert på brukarprofilar som har besøkt våre sider.
OsloMet vidareformidlar eller sel ikkje persondata vi får tilgang til gjennom Facebook.
Her kan du lese Facebook sine retningslinjer for personvern (facebook.com).
Korleis slette alle data om meg?
Vil du slette alle data om deg, kontakt personvernombodet ved OsloMet.
Ønsker du å få sletta bilete eller video av deg sjølv fra våre nettsider eller på sosiale medier? Ta kontakt med nettredaksjonen.