– Det er klisjé, men sjukepleiarutdanninga gav meg meir empati

Lars Berrum står med ein mikrofon på scena i P52. Bak han heng mange internasjonale flagg.

Lars Berrum opptrer som standup-komikar, spelar improvisasjonsteater, er med i humorshow og har også jobba som programleiar i radio. På CV-en har han også sjukepleiarutdanning fra tidlegare HiOA, no OsloMet.

– Det er litt klisjé, men sjukepleiarutdanninga har gjort veldig mykje med meg som person. Ein får ein forståing og ein empati for andre: Kva folk slit med, om det er nokon som er nedfor eller er deprimert eller har angst. Eg tek ting på alvor og greier å møte folk på ein litt anna måte enn om eg ikkje hadde hatt dei kunnskapane.

Lars Berrum

Lars er utdanna sjukepleiar ved HiOA (no OsloMet), og har jobba som sjukepleiar eit par år etter studiane. I dag jobbar han først og fremst som komikar.

Kva likte du best med studiet?

– Eg likte praksisperioden veldig godt. Det å faktisk få gjere prosedyrar og mestre det. Ein gang greidde eg å stikke kanylen gjennom min eigen finger, framfor ein pasient! Eg trur ikke pasienten såg det, eg tok hånda i lomma, og sa at eg måtte gå tilbake og bytte sprøyta fordi eg kom borti nåla. Då eg kom i garderoben, var heile sjukepleiaruniformen raud, det såg jo ut som om eg hadde blitt skutt i låret. Men det var berre å vaske seg og gå tilbake. Det å bli god på prosedyrane, og få det litt under huden (ikkje bokstavelig talt – det var ikkje så godt) var veldig gøy.

Fantastisk å være mannleg sjukepleiarstudent

Lars meiner fleire gutar burde søke på sjukepleiarstudiet av fleire grunnar:

– Det går ikkje an å tvinge folk, men ja, eg tenkjer det. Eg trur at Norge heng litt att på at det er kvinner som har mest omsorg... Omsorg er ein del av sjukepleien, men det er også mykje anna. Det er action, det er hektisk og det er vanskelege avgjersler under press. Som mannleg sjukepleiarstudent er du ein minoritet, og ein skulle tru at det gjorde det tøffare. Men eg trur faktisk eg hadde det bedre, for alle ville at det skulle vere menn på studiet.

Kva er det med sjukepleiaryrket som er fint?

– I det du seier at du er sjukepleiar, får du ein klapp på skuldera frå alle samfunn verda over. Og det seier eigentleg alt om det yrket. Eg kjem ikkje på nokon andre yrkesgrupper som jobbar ræva av seg og klagar mindre. Du ofrar livet ditt for å hjelpe andre, og det er  fint i heile verda. Også er det jo eit givande yrke, der du ser at du hjelp andre. Det er jo... eg kan ikkje tenke meg noko anna som er betre, eigentleg?

– Følte at eg gjorde ein forskjell som sjukepleiar

Lars havna etter kvart i showbiz på fulltid, men det var ikkje fordi han mistrivdes som sjukepleiar:

– Det var veldig naturleg for meg å gjøgle og drive med komikk, eg har gjort det tidlegare. Eg er ein sånn person som har lyst til mykje. Eg trappa ned på sjukepleiarjobben då eg ikkje hadde tid til å jobbe dobbelt lenger.

Er det noko du saknar med å vere sjukepleiar?

– Ja, masse. Då eg jobba som sjukepleiar var det kanskje den eineste gangen i livet mitt eg gjekk heim og følte meg vel med at eg hadde gjort ein liten forskjell. Om det er å komme heim frå ein sjukeheimsjobb, eller frå psykiatrien eller somatikken, så har ein gjort noko som faktisk er bra. Det gjer eg ikkje som komikar, så det saknar eg. Ein heilt reel tanke for meg er at eg skal tilbake og jobbe som sjukepleiar på fulltid.

Studentliv

Jente ligger i en hengekøye i skogen og leser. Det ligger brune blader på bakken, er lite blader på trærne og hun har sol i ansiktet.
Bli kjent med studentbyen Oslo

I studentbyen Oslo kan du gå på kafé før frokost, sitte på lesesalen om dagen og dingle i en hengekøye i marka om natta. Det er kort vei fra liv og røre i sentrum til stillheten i skogen.

Tre studenter går sammen og ler og smiler ute i en park. Bakken er dekket av gule og oransje blader.
Det beste med studentlivet er mye frihet

Magnus gir studentlivet en sekser på terningen, mens Simay og Ploy begge triller en sterk femmer. Møt tre som tryna litt i begynnelsen, men som fikk fin kontroll på studiehverdagen.

Jente som sitter på biblioteket og leser.
Topp ti på campus

Josefine har studert på OsloMet i snart ett år, og viser dere sine ti favoritter på campus Pilestredet.

Studenter som jobber på iPad
Slik lykkes du som student

Her er OsloMet-forelesernes beste råd for å lykkes med studiene.

Flere hundre studenter sitter på en gressplen med armene til værs.
Dette er OsloMet

Læringsrike praksisperioder i arbeidslivet – og en sosial studietid. Ved OsloMet får du kunnskap og erfaringer for livet!