Vi forskar på eit vidt spekter av forbrukarpolitiske og forbrukarøkonomiske tema. Målet vårt er å bidra til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for utforminga av forbrukarpolitikken knytt til:
- matvanar, ernæring og daglegvarehandel, distribusjon, og marknadsføring,
- personleg økonomi, gjeld, levekår og ulikskap,
- inkludering/ekskludering av utsette forbrukargrupper,
- forbrukarkunnskap og
- forbrukarpolitikk.
SIFO sitt referansebudsjett, som viser kva som kan reknast som eit rimeleg forbruksnivå blant ulike typar norske hushald, står sentralt i mykje av dette arbeidet. Viktig er også SIFO-surveyen, som dokumenterer forbrukstrendar over tid.
Våre viktigaste brukarar er forbrukarar, styresmakter, forskingsmiljø og offentleg og private leverandørar av varer og tenester.
Kontakt oss
Medlemmer
Meir om forskingsgruppa
Gjennom empiriske studiar prøver vi i tillegg å forstå korleis kvar enkelt forbrukar orienterer seg og gjer sine val. Mandatet vårt er å bidra til auka kunnskap om situasjonen for forbrukarane, for slik å bidra til auka forbrukarinnverknad.
Vi er også opptekne av den samfunnsmessige og individuelle betydninga av forbruket. På den eine sida kan varer og tenester sjåast som kommunikasjonssymbol med ei meining knytt til seg. På den andre sida har forbruksvarer også eit bruksaspekt og kan sjåast som reiskapar som kan endre tidsbruken til kvardagen og relasjonane mellom folk.
Ved å studere forbrukarane på så ulike arenaer som bankmarknaden, kosmetikkmarknaden, matmarknaden, klesmarknaden og i uformelle distribusjonssystem, og dessutan i tillegg ved å studere korleis utsette forbrukargrupper som gjeldsoffer og økonomisk svakare stilte barnefamiliar får endane til å møtast – eller ikkje møtast – får vi stadig større innsikt i kva mekanismar som styrer prioriteringane og vala til forbrukarane.