I Noreg, som i andre rike land, har auka etterspurnad etter helse- og omsorgspersonell ført til ei aukande rekruttering av innvandrarar i denne sektoren, og dette var tema for forskingsprosjektet.
Det er sparsamt med undersøkingar som klargjer betydningar av ein såkalla fleirkulturell arbeidsarena, når det gjeld organisering og arbeidsrelasjonar. Siktemålet var å klargjere organisering og rekruttering av ein i aukande grad fleirkulturell sektor så vel som dagleg samhandling og kommunikasjon på arbeidsplassen, og dessutan samspelet mellom desse nivåa.
Gjennom ein kvalitativ feltstudie i to arbeidskontekstar (ei sjukehusavdeling og ein sjukeheim) vart det fokusert på korleis etnisitet inngår i dei eksisterande profesjons- og kjønnshierarki.
Relevante analytiske kontekstar var migrasjon og den nye arbeidsmarknaden, med globalisering som eit meir generelt bakteppe. Teoretisk bygde undersøkinga på profesjonssosiologi, arbeidslivssosiologi og kvinne- og kjønnsforsking, og dessutan migrasjons- og etnisitetantropologi.
Prosjektdeltakarar
Publikasjonar
Dahle, R., & Seeberg, M. L. (2013). "Does she speak Norwegian?" Ethnic dimensions of hierarchy in Norwegian health care workplaces. Nordic Journal of Migration Research, 3(2), 82-90.
Seeberg, M. L., & Dahle, R. (2005). "Det er kunnskapene mine dere trenger, ikke språket mitt" : etnisitet, kjønn og klasse ved to arbeidsplasser i helse- og omsorgssektoren. NOVA Rapport 24/05 (oda.oslomet.no) ['You need my knowledge, not my language': ethnicity, gender and class in two healthcare workplaces.]
Seeberg, M. L., & Dahle, R. (2006). Innvandrede helsearbeidere - og et inkluderende arbeidsliv? [Immigrant health workers - and an inclusive working life?]. In T. Hammer & E. Øverbye (Eds.), Inkluderende arbeidsliv? Erfaringer og strategier. [An inclusive working life? Experiences and strategies.] (pp. 79-102). Oslo: Gyldendal Akademisk.
Seeberg, M. L. (2007). Velferdsstaten møter verden: arbeidsplasser i endring [The welfare state meets the world: changes in the workplace]. Oslo: Gyldendal akademisk.