Babies born better (B3) er eit langsiktig prosjekt som undersøkjer synspunkt og erfaringar til kvinner som har fødd dei siste tre åra.
Målet med Babies born better-prosjektet er å vere ein viktig ressurs for forbetring av mødrer- og fødselsomsorg rundt om i verda.
Ved å finne ut kva som fungerer, for kven og under kva omstende, vil prosjektdataa gi innsikt i beste praksis under fødsel.
Den nettbaserte undersøkinga samlar inn data frå kvinner som har fødd på alle typar einingar over heile Europa, og blir gradvis utvida til andre delar av verda.