English version

Barnevern i møte med mangfald

Dette prosjektet er ei følgjeevaluering av ein kommunikasjonskampanje om norsk barnevern i regi av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Prosjektet skal evaluere verknader av ein kommunikasjonskampanje om norsk barnevern. Sjølve kampanjen er retta mot somalisk, polsk og engelsk språkgruppe i bydel Åsane i Bergen, bydel Grünerløkka i Oslo og i Ålesund.

Bakgrunnen for prosjektet er at omdømmet og mandatet til barnevernet blir diskutert på ulikt vis i det offentlege ordskiftet, i tradisjonelle nyheitsmedium og i sosiale medium både nasjonalt og globalt. Det er mykje av denne informasjonen som ein går ut frå er feilaktig, og at ein kommunikasjonskampanje kan korrigere.

Prosjektet skal studere verknader av kommunikasjonskampanjen primært gjennom å studere fokusgruppe- og survey-data. Fokusgruppene blir gjennomførte for kvar språkgruppe, og med cirka seks respondentar. Fokusgruppene har til hensikt å gå i djupna på kvalitet og målsetjing med kommunikasjonskampanjen.

Surveydata blir henta inn før og etter kampanjen, og innan dei geografiske områda som kampanjen er retta inn mot. Formålet med surveystudien er å måle endring i haldninga og tilliten befolkninga har til barnevernet.

Prosjektet blir finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som ledd i innsatsane deira retta inn mot innvandrarars haldningar til norsk barnevern.

 

Prosjektdeltakarar

 

Laster inn ...

Samarbeidspartnarar

  • The University of Sussex
  • Institute of Education, University of London
  • Det nationale forskningscenter for velfærd (SFI)