Korleis kan sosiale konsekvensar etablerast som betinga forsterkarar hos barn med autisme og kva hindringar kan me rekna med?
Bakgrunnen for prosjektet er studiar som er gjennomførte i laben vår dei seinare åra.
Det er gjennomført mange eksperiment for å reindyrka og samanlikna prosedyrar for etablering av betinga forsterkarar – både hos rotter og hos barn.
Ei av utfordringane som er avdekt er overskygging og blokkering av stimuluskontroll i forsøka på etablering av nye stimuli som forsterkarar.
Overskygging og blokkering kan ha implikasjonar i anvende samanhengar som i forsøk på å etablera diskriminative stimuli og/eller betinga forsterkarar.
Me har identifisert treningsvilkår for korleis blokkering kan unngåast og desse er også viste med same resultat hos barn med ulike utfordringar knytt til sosiale relasjonar.
Vidare arbeid vil vera å nytta stimuli som er endå nærare på typiske sosiale konsekvensar ein vanlegvis ønskjer å etablera om betinga forsterkarar hos desse barna; som smil, merksemd og ros.
Det skal derfor gjerast studiar som undersøkjer mogleg blokkering i etablering av vanlege sosiale konsekvensar.