English version

Busetjing av personar utanfor mottak under flyktningstraumen frå Ukraina (PRIVATBO)

Under flyktningstraumen frå Ukraina frå 2022 og framover auka talet på flyktningar som har opphalde seg utanfor mottak før busetjing betrakteleg samanlikna med tidlegare år. Dette prosjektet vil gi meir kunnskap om korleis IMDi og kommunane har følgt opp desse flyktningane og om korleis flyktningane sjølv har opplevd det å bu privat før busetjing.

Før flyktningstraumen frå Ukraina auka i 2022, var det få flyktningar i Noreg som budde privat før dei vart busette. Den 16. mars 2022 gav Justis- og beredskapsdepartementet ein instruks om at kommunar med ukrainske flyktningar utanfor asylsystemet kunne få tilskot frå UDI for mellombels alternativ mottaksplass (MAMOT). Denne instruksen vart oppheva 15. februar 2024, og ordninga blir avvikla våren 2024.

MAMOT-ordninga:

Under ordninga kunne ukrainarar som fann privat bustad, til dømes hos familie, venner eller frivillige organisasjonar, registrere seg for MAMOT i kommunen. Det var frivillig for kommunane å delta i ordninga, og viss ein kommune avslo ein søknad, vart flyktningane viste til eit mottak. Ved innvilga MAMOT hadde kommunen ansvar for livsopphaldet til flyktningane og fekk økonomisk kompensasjon frå UDI. Flyktningar som ikkje trong støtte kunne bu privat utan offentleg hjelp.

Formål med prosjektet:

Samtidig som mange ukrainarar har uttrykt stor takksemd over å ha høve til å bu privat medan dei venta på busetjing, har det vore peika på at denne gruppa kan ha hatt særleg dårleg tilgang til informasjon om rettane sine, og at ordninga kunne føre til at nokre flyktningar vart utnytta i ein sårbar situasjon.

Dette prosjektet vil gi meir kunnskap både om Imdi og praksisane i kommunane knytt til oppfølging og busetjing av ukrainske flyktningar. Prosjektet vil også undersøkje flyktningane sine eigne opplevingar med å bu privat før busetjing – både med og utan innvilga MAMOT – og sjølve busetjingsprosessen.

Meir om prosjektet

Metode:

Prosjektet bruker ein kombinasjon av spørjeundersøkingar og kvalitative intervju med:

  • Tilsette i IMDi
  • Flyktningtenesta og busetjingsansvarlege i kommunane
  • Frivillige organisasjonar
  • Ukrainske flyktningar som har budd privat i mottaksfasen

Basert på analysar av funna har NIBR som målsetjing å komme med tilrådingar om gode måtar å vareta flyktningar som bur privat på, for Imdi og norske kommunar.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...