English version

CIRCULAR: Samarbeidsdriven innovasjon for sirkulære løysingar

Å omstille det økonomiske systemet frå ein lineær til ein sirkulær økonomi er avgjerande for å realisere eit berekraftig samfunn. Ny politikk og praksis må utviklast i skjeringspunktet mellom ulike institusjonar og interesser. Meir samarbeidsorienterte styringsformer er nødvendig. Det ønskjer forskingsprosjektet CIRCULAR å bidra med ny kunnskap om, og spør: Kva er dei viktigaste styringsfaktorane som driv samskapinga av sirkulære løysingar for redusert forbruk?

Overgangen frå ein lineær til ein sirkulær økonomi representerer ein kompleks, mangefasettert og vital samfunnsutfordring som krev samskapte løysingar mellom fleire offentlege og private aktørar. CIRCULAR tek utgangspunkt i denne styringsutfordringa.  

Prosjektet er særleg oppteke av kva rolle samskapande leiarskap og ulike typar mellomromsaktørar speler i omstillinga frå ein lineær til sirkulær økonomi. Konkrete styringsfaktorar som støttar opp under omstillingsprosessar vil identifiserast og kommuniserast. Målet er å bidra med kritisk kunnskap for berekraftig samfunnsutvikling.

Meir om prosjektet

Ei tverrfagleg tilnærming

Prosjektet har ei tverrfagleg tilnærming som kombinerer analyse av samskapingsprosessar, nøkkelinformantintervju, ei leiarundersøking og kvalitativ komparativ analyse (QCA). Komparative casestudiar utgjer den empiriske grunnstammen til prosjektet, og vil inkludere både norske og internasjonale casar. CIRCULAR søkjar tett dialog mellom forskarar, eit panel av ekspertar i dei fem byane gjennom prosjektperioden, for å teste og vidareutvikle førebelse funn og endelege resultat.  Målet er å utvikle ny kunnskap som bidreg til berekraftige, sirkulære løysingar i politikk og praksis.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Samarbeidspartnarar

Laster inn ...