Evaluering av Omsorgs- og endringsmodellen

NIBR gjennomfører evaluering av Omsorgs- og endringsmodellen (OEM) på oppdrag frå Bufdir. OEM er ein modell som blir brukt på mange barneverninstitusjonar, og resultat frå evalueringa skal nyttast i Bufdirs utvikling av den faglege innretninga av institusjonstilbodet i barnevernet.

Omsorgs- og endringsmodellen

Fagmodellen Omsorgs- og endringsmodellen (OEM) tar utgangspunkt i behandlingsmetoden dialektisk åtferdsterapi, med vidareutvikling for tilpassing til barneverninstitusjonar. Omtrent 30% av Bufetats statlege institusjonsplassar er no ved ein institusjon som nyttar OEM.

Evalueringstema

Evalueringa av OEM skal omhandle fire hovudtema:

  1. Bruken av OEM i barnevernsinstitusjonane: Korleis blir det arbeidd etter OEM, og korleis varierer praksis på tvers av institusjonar?
  2. Kjenneteikn ved ungdommane i OEM-institusjonane og ulike gruppers erfaring med modellen
  3. Kostnader knytte til OEM-institusjonane
  4. Samsvar mellom behovet til ungdommane og det faglege innhaldet i OEM-modellen

Meir om prosjektet

Metodisk tilnærming

Evalueringa har eit breitt datatilfang: institusjonsbesøk, intervju med ungdommar, føresette, myndigheiter og tilsette i relevante tenester, spørjeundersøking til institusjonane, dokumentstudiar og dessutan analysar av registerdata og rekneskapsdata. Det vil etablerast eit benchmark basert på OEM-manualen, som praksis vil vurderast i forhold til.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...