Målet er å dokumentere og evaluere nettverksopplegget og arbeidet i kommunane som deltek i nettverket.
Norske kommunar har dei siste åra busett eit rekordhøgt tal flyktningar. Majoriteten av desse er fordriven frå Ukraina. Som eit ledd i satsinga på å få mange av flyktningane inn i arbeidsmarknaden, har KS starta eit nettverk for å støtte og inspirere kommunane i dette arbeidet – kalla ‘Flyktninger i jobb'.
I prosjektet følgjer vi nettverket med eit todelt siktemål:
- Evaluere og dokumentere sjølve nettverksopplegget og -prosessen
- Dokumentere og analysere arbeidet i kommunane med å få flyktningar i jobb, og betydninga av nettverksdeltakinga for dette arbeidet
Meir om prosjektet
Datagrunnlaget for analysane er dels skriftleg materiale som blir produsert i nettverka – arbeidsbøkene til kommunane og tilbakemeldingane deira på kvar enkelt nettverksaktivitet. Vi observerer nettverks- og inspirasjonssamlingar, og gjennomfører intervju med prosjektleiarar og deltakarar i eit utval på seks deltakande kommunar. Intervju med KS' nettverksfasilitatorer inngår også i datamaterialet.