English version

Foreldreskap blant etniske og religiøse minoritetar i Noreg

Dette prosjektet undersøkjer korleis etniske og religiøse minoritetar i Noreg opplever det å vere mor og far for «store barn» og ungdom.

Vi skal undersøkje spørsmåla gjennom kvalitative intervju med mødrer og fedrar som reknar seg som del av ein etnisk og/eller religiøs minoritet i Noreg.

Ein bakgrunn for prosjektet er kritikk mot at offentlege institusjonar og tenester på familie- og oppvekstområdet er tilpassa majoritetsfamiliar. Ein annan bakgrunn er bekymringane til styresmaktene rundt likestilling og den manglande sjølvråderetten til barn og unge i enkelte minoritetsfamiliar.

Prosjektet skal bidra til forskingsbasert kunnskap om ulike former for foreldreskap i det norske samfunnet, med utgangspunkt i foreldres perspektiv. Det overordna målet er å bidra til utviklinga av likeverdige tenester, tiltak og innsatsar på familie- og oppvekstområdet.

Sjå opptak av seminaret: Foreldreskap blant etniske og religiøse minoriteter – Lik praksis, ulike verdier (film.oslomet.no).

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Publikasjonar

Les også

Mor og datter sitter sammen på gresset i en park med ryggen til. I bakgrunnen sitter og står flere andre personer.
Minoritetsforeldre opplever krysspress

Mange minoritetsforeldre er bekymret for at barna ikke skal passe inn. Samtidig er de opptatt av at barna skal føle tilhørighet til det etniske eller religiøse fellesskapet.