Prosjektet omfattar ein gjennomgang av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg, med sikte på å vurdere eventuelle tilpassingar for å nå måla med ordninga. Dette er ein av fleire bidrag frå statens side for å stimulere kulturfrivilligheita.
I gjennomgangen vil det vurderes korleis ordninga verkar i forhold til funksjonen av ordninga. I prosjektet blir det mellom anna sett på:
- Kva behov uttrykkjer profesjonelle og frivillige kulturaktørar knytt til tilgang til kulturrom og arenaer?
- Er ordninga formålstenleg i forhold til dette behovet?
- Kva effektar oppnår ordninga?
Om ordninga
Målet er å styrkje den kulturelle infrastrukturen og utvikle eigna arenaer for å utøve kulturell verksemd. Ordninga støttar både det frivillige og det profesjonelle kulturlivet. Fylkeskommunen forvaltar ordninga, som tildeler tilskot etter søknad.