I dette prosjektet rettar vi blikket mot migrasjons- og yrkeskarrierane til to kategoriar innvandrarar i Noreg, sjukepleiarar og au pairar.
- Kven er menneska som blir rekrutterte til Noreg som sjukepleiarar og au pairar?
- Kva er dei formelle rammene rundt migrasjonen deira?
- Kva samanhengar finst mellom au pairars og sjukepleiarars migrasjonserfaringar og posisjonar?
- Kva betydning har ei slik rekruttering for omsorgsarbeid i velferdsstaten?
Dette er forskingsspørsmål vi vil utforske i prosjektet. Vi vil sjå på samanhengar mellom strukturelle forhold på globalt, nasjonalt og lokalt nivå på den eine sida, og individuelle livsløp og erfaringar på den andre sida.