Korleis kan undervisning leggjast til rette både for auka tilgang til, og gjennomføring av, høgare utdanning for studentar med funksjonsnedsetjingar?
Allereie i søkjeprosessen til høgare utdanning er studentar med funksjonsnedsetjingar ofte fråverande. Av dei som byrjar på eit studium er det mange som fell frå undervegs.
Eit mål i denne studien er å forma forslag til korleis undervisning kan leggjast til rette både for auka tilgang til, og gjennomføring av høgare utdanning for studentar med funksjonsnedsetjingar.
Metoden er kvalitative intervjuar med nøkkelinformantar og fagtilsette i høgare utdanning om erfaringane deira med å undervisa studentar med funksjonsnedsetjingar.
Spørsmål som blir undersøkt i denne kvalitative studien:
- Korleis erfarer fagtilsette i den norske universitets- og høgskulesektoren å undervisa studentar med funksjonsnedsetjingar?
- Korleis går dei fram for å møta tilretteleggingsbehovet i denne studentgruppa i undervisninga?
- Kva treng fagtilsette for å gjera undervisning tilgjengeleg for eit større studentmangfald?