UngPuls vil teste kunnskapsbaserte metodar for ungdomsmedverknad i forsking og tenesteutforming.
Korleis kan ein fange perspektiva og løysingane til dei unge og sørge for at desse blir inkluderte i relevante avgjerder?
Det konseptuelle utgangspunktet vårt er "medverknadshuset", eit forskingsbasert rammeverk utvikla av forskarar i samarbeid med bydelar og kommunar.
Til no har rammeverket fokusert på medverknad med ungdom i by- og stadsutvikling, og involvering av ungdom som medforskarar i forskingsprosjekt. Vi ønsker no å vidareutvikle medverknadshuset til å bli eit rammeverk for å involvere ungdom i utforminga av kommunale tenester.
I tidlegare prosjekt har ungdom peika på psykisk helse og betre tilgang til skolehelseteneste som eit viktig felt. I dette prosjektet vil vi bruke skolehelsetenesta som eksempel, med mål om å få fram kunnskap som kan overførast til andre tenester og forskingsområde.
Prosjektet er finansiert av såkornmidlar frå OsloMet si satsing på barn og unge.