Prosjektet undersøkjer kven startlånsmottakarane var og er i Oslo, og kva konsekvensane av selektiv flytting er for bydelar og delbydelar i Oslo.
Prosjektet skal svare på følgjande forskingsspørsmål:
- Kven var og er startlånsmottakarane i Oslo?
- Kva er konsekvensane av selektiv flytting for bydelar og delbydelar i Oslo?
- Bidreg selektiv flytting til ei opphoping av levekårsutfordringar i visse delbydelar – og er startlånsmottakarar (startlånsflyttarar) i så fall ein faktor som bidreg til å forklare dette mønsteret?
I tillegg vil vi hjelpe Velferdsetaten i utforming og analyse av spørjeundersøking til startlånsmottakarar som kan supplere kunnskapen vi oppnår gjennom analysar av registerdata.
Vi vil primært nytte registerdata for å studere omfanget og verknadene av selektiv mobilitet og det eventuelle bidraget startlånsmottakarane har til forverring av levekår på bydels- eller delbydelsnivå.
Slike data gjer det også mogleg å studere kva som kjenneteiknar startlånsmottakarars sosioøkonomiske profil osb., og om den sosioøkonomiske statusen deira (inntekt, utdanning, arbeidsmarknadsdeltaking, trygdeopptak osb.) har endra seg over tid.
I utforming og analysar av ei spørjeundersøking er formålet å oppnå informasjon og perspektiv som ikkje kan avdekkjast gjennom administrative registerdata.
Det gjeld til dømes ambisjonane til startlånsmottakarane, grad av initiativrikheit, tilhug til å ta risiko, behov, preferansar, subjektiv oppleving av eigen bustad- og nabolagskvalitet før og etter startlånsetableringa osb.
Prosjektdeltakarar
Publikasjonar
Flåto, M. & Turner, L.M. (2023). Mulige konsekvenser av flyttemønstre for personer som er innvilget startlån i Oslo kommune. BOVEL-notat 1/24 (oda.oslomet.no)