Dette prosjektet utforskar den politiske og kulturelle betydninga av populærmusikken i dagens Latin-Amerika.
Konkret undersøkjer prosjektet korleis musikk utrykkjar kulturell identitet og bidreg til nasjonsbygging på Cuba og korleis musikk blir brukt i demonstrasjonar og politiske rørsler i dagens Brasil.
Cuba
Konkret undersøkjer prosjektet korleis cubansk timba, og relaterte musikkstilar innan cubansk populærmusikk, bidreg til kulturelt samhald og sanselege felleskap via rytmisk interaksjon og dans.
Via studiar av estetiske kjerneomgrep som sabor, timba, bomba, contagioso og pegajoso, og analysar av den rytmiske organiseringa av musikken, viser studien korleis rytmisk interaksjon i cubansk populærmusikk skape nye sosiale felleskap via musikalsk nyting.
For å undersøkje dette kombinerer prosjektet etnografiske metodar (deltakande observasjon og intervju) med estetisk og musikalsk analyse.
Brasil
Denne delen av prosjektet utforskar korleis populærmusikk blir brukt i politiske demonstrasjonar og rørsler i dagens Brasil. Konkret rettar prosjektet søkjelys mot korleis folk syng politiske slagord under demonstrasjonar og korleis demonstrantar bruker rytme og musikkinstrument for å utrykke politiske synspunkt.
For å undersøkje dette kombinerer prosjektet etnografiske metodar (deltakande observasjon og intervju), estetisk og musikalsk analyse og dessutan analyse av sosiale rørsler og politiske rørsler. Prosjektet fokuserer særleg på den politiske rolla til musikken innan «Fora Temer» rørsla (2016–2017) og «Ele Nao» (2018-...) som var ei protestrørsle mot Brasils president Jair Messiah Bolsonaro.
Prosjektet utforskar også korleis musikk vart brukt av Bolsonaros støttespelarar og har laga ein film i samarbeid med brasilianske kulturforskarar (youtube.com).
Saman gir prosjektet ny kunnskap knytt til korleis musikk skaper kulturelle felleskap (Cuba) og er ein integrert dimensjon av politisk kritikk i protestrørsler (Brasil).
Podkast
Musikk og politikk i dagens Brasil, podkast 11. november 2020, Viten og snakkis (vitenogsnakkis.no)
Bøhler tek oss gjennom dei siste 520 åra av Brasils politiske historie for å forklare kva relasjonar mellom kultur og politikk som ligg til grunn for dagens Brasil.
Cubansk musikk, podkast 20. september 2020, Viten og snakkis (vitenogsnakkis.no)
I denne episoden blir du betre kjent med Cuba, kubansk historie og ikkje minst cubansk musikk. Gjennom Kjetils eigen musikk får vi gode døme på kva cubanske rytmar kan tilføre norsk visesongtradisjon.