Ph.d.-prosjektet skal utvikle ein matestrategi som tek omsyn til utviklinga og signala til det for tidleg fødde barnet.
Prosjektet er ein feasibilitystudie av ein utviklingsstøttande matestrategi ved nyføddintensiv avdeling. Studien skal òg utprøve moglegheita for implementering av matestrategien ved nyføddintensiv.
Barn som er fødde for tidleg er umodne. Dette påverkar mellom anna evna til å ete sjølvstendig. Det umodne nervesystemet til premature barn må utviklast utanfor eit vernande intrauterint miljø.
Dei har derfor risiko for utviklingsforstyrringar. Utviklingsstøttande strategiar i behandling av premature barn blir nytta førebyggjande ved å fremje positiv stimuli for å støtte normal utvikling.
Dette er i stor grad implementert ved nyføddintensivavdelingar, men for ernæring, mating og eteutvikling er denne omsorgsforma i mindre grad nytta.
Det er behov for å utvikle ein intervensjon der målet er at barnet skal lære å ete sjølv, fortrinnsvis ved amming, men at vegen dit byggjer på signala og utviklinga til barnet og der rolla til foreldra er sentral.