Effektstudie av prosjektstøtteordninga for uthamner, kystkultur og kulturell rute i Agder, inkludert ei kvalitativ vurdering av arbeidsmetoden frå fylkeskommunen og verkemiddelbruk i rolla som regional utviklingsaktør.
Prosjektet inkluderer følgjande tema:
- Ein effektstudie av prosjektstøtteordninga – basert på ei følgjeevaluering av enkeltprosjekt.
- Ei kvalitativ vurdering av arbeidsmetoden og verkemiddelbruken frå fylkeskommunen for å lykkast i rolla si som regional utviklingsaktør.
- Utvikle eit rammeverk for å måle resultat og effektar av gjennomførte prosjekt.
I effektstudien vil vi fokusere på:
- Ressursaddisjonalitet: Har tilskota til dei ulike prosjekta utløyst større ressursar enn prosjektmidlane?
- Adferdsaddisjonalitet: Har prosjekta gitt endring i aktørars åtferd?
- Resultataddisjonalitet: Ville resultata komme fram utan prosjekttilskot?
Metodisk vil prosjektet dels basere seg på ein kvantitativ analyse av tilskotsstøtte, dels intervju og dels dokumentanalysar.