Retur og reintegrering av ukrainske flyktningar

Prosjektet svarer på følgjande spørsmål: Kva motiverer ukrainske flyktningars tilbakevending, retur og reintegrering? Studien gir ny innsikt i og oversikt over dei faktorane som påverkar ukrainske flyktningars avgjerd om frivillig tilbakevending og retur. Vekta blir lagd både på strukturelle og på individuelle faktorar som er relevante for returfrekvensen og reintegreringsprosessen.

Bakgrunn

I lys av krigen mot Ukraina og det store antalet ukrainske flyktningar som har fått mellombels kollektivt vern i EU og europeiske land, er spørsmålet om varige løysingar på sikt eit sentralt tema både i Ukraina og i dei europeiske mottakarlanda, inkludert Noreg. 

Ukraina har omorganisert eit departement for sosial eining der frivillig tilbakevending er eit hovudmål, med vekt på sikkerheit, arbeidsplassar og bustader. At befolkninga blir motivert til å vende heim frivillig er framheva som eit viktig element i motstandskampen, nasjonsbygginga og gjenoppbygginga av Ukraina.

Hovudmål

Dette prosjektet tar sikte på å undersøke kva faktorar som kan påverke ukrainske flyktningars avgjerd om tilbakevending og retur til Ukraina dersom situasjonen tillèt det. Gjennomgåande skal det undersøkast korleis politikk og praktiske tiltak på både nasjonalt og lokalt nivå påverkar flyktningars motivasjon for å returnere, med vekt på forhold i Ukraina – vilkår og ev. handlingsmoglegheiter

Meir om prosjektet

Tematikk

Blant tema som skal undersøkast er:

  1. Program for frivillig tilbakevending og retur
  2. Ukrainske myndigheiters behov
  3. Mediediskurs og retorikken til staten
  4. Reaksjonane til lokalsamfunnet
  5. Tiltak for frivillig tilbakevending og retur
  6. Risikofaktorar

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...