English version

Sjølvråderett og samtykkekompetanse i møte med ambulansetenesta for menneske med psykiske helselidingar og rusproblematikk

Formålet med prosjektet er å få auka kunnskap om korleis ambulansepersonell opptrer i møte med pasientar med psykiske lidingar og/eller ruslidingar.

Prosjektet har tre delstudiar. Formålet med delstudie 1 er å undersøkja korleis pasientar med rus og/eller psykiske lidingar erfarer møtet med ambulansepersonell. Denne studien vil vera ein kvalitativ studie, og me nyttar metoden tematisk analyse.

Formålet med delstudie 2 er å få auka kunnskap om korleis ambulansepersonell opptrer og handlar i møte med pasientar med rus og/eller psykiske lidingar, med fokus på bruk av makt, tvang og omsynet til sjølvråderetten til pasientane.

Auka kunnskap og forståing kan bidra til utarbeiding av nye prosedyrar, rettleiarar, rutinar og utdanning av ambulansepersonell. I denne studien vil me nytta deltakande observasjon av ambulansepersonell. Ein observasjonsguide er utvikla på bakgrunn av resultata i delstudie 1.

I delstudie 3 vil funn frå delstudie 1 og 2 bli brukte til å generera nye forskingsspørsmål som skal testast i eit større utval av ambulansepersonell.

Me siktar mot minimum 120 fullførte svar, som er tilstrekkeleg for å gjennomføra multippel regresjonsanalyse med inntil seks uavhengige variablar.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Partnarar

  • Stiftelsen Dam
  • Rådet for psykisk helse
  • HØKH – avdeling for helsetenesteforsking
  • Akershus universitetssjukehus