Prosjektet handlar om å utforska smerte og bruk av reseptfrie smertestillande medisinar hos ungdom.
Prosjektet vil sjå på omfanget av medisinbruk og kva faktorar og forhold som er knytt til bruken til ungdommane.
Den overordna intensjonen er å få kunnskap om ungdoms smerte, smerte-erfaringar og smertemeistring, med spesielt søkjelys på bruk av reseptfrie, smertestillande medikament.
Smerte, til dømes hovudverk, førekjem hyppig blant ungdom og kan føra til redusert livskvalitet og skulefråvær.
Smerteproblem aukar i løpet av ungdomsåra og manifesterer seg ofte i vaksenlivet.
Deltakarar
Samarbeidspartnarar
- Akershus universitetssjukehus (Ahus)
- Universitetet i Agder
- Universitetet i Oslo
- University of Toronto og Sick Kids Hospital, Canada