Prosjektet ønskjer å avdekkja underliggjande mekanismar hos dyr og menneske som kontrollerer val av påskjønningar ein får med ein gong framfor framtidige, større påskjønningar.
Redusert toleranse for utsette påskjønningar er knytt til ulike psykiatriske diagnosar, spelavhengnad, rusmiddelavhengnad og til livsstils- og samfunnsutfordringar som trening, røyking, kosthald og miljøåtferd.
Prosjektet undersøkjer preferanse for påskjønningar ein får med ein gong versus utsette påskjønningar i dyremodellar og hos menneske for å identifisera variablar som kontrollerer val.
Denne innsikta kan inngå i intervensjonar for førebygging og behandling av problem slik at menneske tek val som er betre for dei i lengda.
Mange kjenner seg igjen i, «Éin burgar berre i dag, frå i morgon er det slutt», «Éin liten røyk til kan ikkje skada, eg skal jo slutta» eller «Berre éin Netflix-episode til, så skal eg jobba».
Det beste valet i lengda er oftast dei større utsette påskjønningane som over tid gir til dømes god helse, økonomi og fagleg suksess.
Deltakarar
Meir om prosjektet
Avgjerdsprosessar som omhandlar utsette påskjønningar eller konsekvensar kan ha direkte innverknad på alt frå personleg helse og økonomi til miljøbevaring og samfunnskostnader.
Manglande eller redusert toleranse for utsette konsekvensar er eit kjerneproblem ved mange forstyrringar og problem som mellom anna ADHD, spelavhengnad og rusmiddelavhengnad, og livsstils- og samfunnsproblem som mellom anna trening, røyking, kosthald, overdriven smarttelefonbruk og miljøåtferd.
Ved å studera korleis menneske og dyr vurderer og ofte veljar påskjønningar ein får med ein gong framfor framtidige, større påskjønningar, er målet å avdekkja dei underliggjande mekanismane som styrer slik åtferd.
Denne innsikta har viktige implikasjonar for korleis samfunnet tilnærmar seg alt frå avhengnad til økonomisk planlegging, og gir dermed grunnlaget for meir effektive tiltak og politikk som tenar både enkeltindivid og samfunnet samla sett.
Velkontrollerte studiar med stor grad av eksperimentell kontroll er viktig for å kunna avdekkja variablar som kontrollerer val av påskjønningar ein får med ein gong framfor framtidige, større påskjønningar.
Gjennom velkontrollerte modellstudiar av humlar, rotter og menneske ønskjer prosjektet å identifisera kontrollerande variablar og å utforska læringsprinsipp på tvers av artar og artsspesifikke tilpassingar.
Utforskinga av utsette påskjønningar gjennom dyreforsøk er ikkje berre eit steg mot å forstå grunnleggjande biologiske og åtferdsmessige mekanismar, men kan også gi auka vitskapleg innsikt med ein praktisk, positiv innverknad på samfunnet.
Pågåande delprosjekt
Prosjektet undersøkjer val mellom ei lita, omgåande påskjønning og ei større utsett påskjønning hos humler, rotter og menneske for å identifisera kontrollerande variablar, generelle læringsprinsipp og artsspesifikke tilpassingar, og har mål om å nytta denne kunnskapen til å utvikla treningsprosedyrar for å auka toleranse for utsette påskjønningar.
Studiane av dyremodellar blir gjennomførte ved humlelaboratoriet (The BeeHavior lab) og rottelaboratoriet.
Avslutta delprosjekt
- Elise Frølich Furrebøe, ph.d.-prosjekt: "Impulsivity and Procrastination: Examining the Reinforcing Contingencies of Delay Discounting in Humans."
- Espen Wilner Sjøberg, ph.d.-prosjekt: "Refining animal model methodology: The delay discounting procedure and measuring impulsivity in the Spontaneously Hypertensive Rat, an animal model of Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder."
- Ina Berby, masterprosjekt: "Delay discounting in bumblebees (bombus terrestris): Methodological development and refinement."