Rolla til transportsektoren i ulikskapsutvikling 2025: Støy og luftforureining frå vegtrafikk

Prosjektet skal bidra til å betra kunnskapsgrunnlaget knytt til korleis støy og luftforureining frå vegtrafikk påverkar bymiljø og bustader, og korleis tilgang til stille uteområde og stille side på hus mildnar ulempene knytt til dette.

Over 2 millionar menneske er utsette for høge støynivå. Hovudkjelda for støy er støy frå vegtrafikk. Vegtrafikkstøy samvarierer også i stor grad med luftforureining frå vegar, som fører til ytterlegare helsebelastning i stader med høge trafikkvolum og veghastigheiter. NTP og berekraftsmåla seier at det er høgt prioritert å få bukt med miljøulempene knytte til transport. Dermed har Statens vegvesen som vegeigar, vegforvaltar og planleggar eit stort samfunnsansvar. 

Vidare i lys av auka fokus på sosial berekraft og veksande ulikskap i folkehelse vil dette samarbeidsprosjektet setja søkjelyset på rolla til transportsektoren i ulikskapsutvikling. NIBR ved OsloMet hjelper Statens vegvesen i dette arbeidet.

Prosjektet er eit framhald av prosjektet "Støy frå vegtrafikk retta mot planforsking og folkehelseforsking" (2024). Der utvikla me nettsida Veitrafikkstøy og sosial berekraft (storymaps.arcgis.com), som tek for seg korleis vegtrafikkstøy påverkar menneske som bur i byområde, og korleis denne påverknaden slår skeivt ut på befolkninga.

Meir om prosjektet

Transport equity

Transport equity har vorte eit sentralt omgrep i byforsking, og viser til fordelinga av fordelane god mobilitet gir, og dei sosiale ulempene transportsystemet gir. Sjølv om konseptet er godt kjent internasjonalt, er forsking om dette relativt sped og sporadisk i Noreg. Me skal halda fram med å auka forståinga for sosial ulikskap knytt til vegtransport, for derigjennom å auka kompetanse om inkluderande, berekraftige transportsystem. 

FoUI-samarbeidsprosjekt 2025 vil belysa forskjellar i støynivå, luftforureining, og bukvalitetar rundt bustader. Dette skal gi betre kunnskapsgrunnlag for framtidig planlegging og på sikt bidra til å utarbeida treffsikre tiltak for å redusera dei ulempene støy og luftforureining frå vegtrafikk påfører befolkninga. Fordelinga av problem knytte til støy har lenge vore underkommuniserte: det er ofte ikkje dei som nyt godt av eit effektivt vegnettverk, som lid av støyen dette nettverket produserer.

Forsking viser at tilgang til stille side og grøne område kan gi ein høgare bukvalitet og høgare livskvalitet. Tilgang til stille side og grøne, stille område verkar positive og veg opp til ei viss grad for høge støynivå ved eigen bustad. Prosjektet fokuserer derfor særleg på forholdet mellom vegtrafikkstøy og luftforureining på den eine sida, og tilgang til stille side og stille uteområde på den andre. 

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...