English version

Tryggleik under ambulansetransport – bruk av makt og tvang i ambulansetenesta

Prosjektet utforskar ambulansepersonell si erfaring med og forståing av kva tvang er og kor ofte, i kva situasjonar og kva form for tvang som blir brukt for å få til ein sikker transport.

Me utforska ambulansepersonell si forståing av og erfaring med tvang i ein kvalitativ studie. 

Studien avdekte mellom anna at utstyr frå ambulansen vart brukt som improviserte mekaniske tvangsmiddel for å få sikra motorisk uroleg og utagerande pasientar under transport i ambulanse.

Målet var å sikra pasienten og førebyggja at følgjepersonellet, politiet, måtte losna seg frå eigne bilbelte for å halda pasienten i ro på ambulansebåra.

Me har også undersøkt kor ofte ambulansepersonell bruker tvang for å få sikra pasienten under transport i ambulanse og korleis det opplevast for ambulansepersonell å bruka tvang.

Deltakarar

Laster inn ...