Denne intervju-studien utforskar hendingar der ambulansepersonell har vore utsett for ulike typar vald og truslar. Formålet er å forstå kva som leiar fram til slike hendingar og kva som kan gjerast for å redusera risikoen for yrkesrelatert vald i ambulansetenestene i Noreg.
Ambulansepersonell er ekstra utsett for vald og truslar i arbeidet då dei ofte yter helsehjelp til menneske i akutte kriser, ofte i ukjende og ukontrollerte omgivnader, ofte med lite kjennskap til historikken til pasienten og sjukehistorie og utan rask tilgang til hjelp frå andre.
For å forstå meir av korleis me kan førebyggja yrkesrelatert vald mot ambulansepersonell utforskar me i denne studien korleis ambulansepersonell resonnerer, vurderer og reflekterer rundt dei hendingane der dei har vorte utsette for yrkesrelatert vald.
Gjennom personlege djupneintervju ber me deltakarane fortelja ei historie dei sjølv har opplevd og utforskar deretter kva som påverka dei avgjerdene dei gjorde i situasjonen og kva dei eventuelt kunne gjort annleis, og dessutan kva dei lærte.
Prosjektdeltakarar
Samarbeidspartnarar
Vestre Viken helseføretak