Prosjektet undersøkjer effektar bruk av video mellom innringjar og AMK-operatør i 113-samtalar kan ha på pasient og korleis video opplevast av brukargruppene.
Bruk av video mellom AMK-operatør og innringjar i 113-samtalar vart introdusert i enkelte AMK-sentralar i Noreg i 2020 som eit ekstra kommunikasjonsverktøy.
Sidan har tilnærma alle AMK-sentralane i landet teke i bruk video. Det fungerer ved at AMK-operatør får tilgang til kameraet på smarttelefonen til innringjar, og kan dermed sjå situasjonen gjennom kameraet på innringjar sin telefon.
Løysinga er berre enveis, altså er det berre AMK-operatør som ser innringjar, og videoen blir ikkje lagra.
Då video vart innført, eksisterte det lite forsking på temaet. Med prosjektet vårt utforskar vi perspektiva i brukargruppene på bruk av video i 113-samtalar, som er AMK-operatørane og innringjarar.
I tillegg undersøkjer vi om bruk av video i 113-samtalar kan ha ein effekt på førstehjelpa som skadde pasientar får av publikum før profesjonell helsehjelp har komme.
Prosjektdeltakarar
Meir om prosjektet
Det meste av forskinga som eksisterte hadde sett på hjartestans og hjarte-lungeredning (HLR). Forsking som har sett på effekt av video i 113-samtalar og HLR gjort av publikum indikerer at video kan betre kvaliteten på HLR.
Medisinsk nødtelefon – 113
Telefonkontakt med medisinsk nødtelefon 113 (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, AMK) eller legevakt er ofte den første kontakten pasienten har med helsevesenet.
Avgjerdene som blir tekne her (om å møte hos legevakt, få lege heim, få ambulanse), blir ofte tekne på veldig sparsamt grunnlag og under høgt tidspress.
Innringjarar til 113 opplever at dei treng råd og medisinsk hjelp som ikkje kan vente, men ressursane i form av ambulansar og legevaktlegar er avgrensa, og medisinsk nødmeldeteneste må først hjelpe dei som treng det raskast (triage).
Den teknologiske utviklinga i samfunnet har i dei siste åra gått svært raskt, og det er ei forventning i samfunnet at også helsevesenet tek i bruk ny teknologi.
Skadar
Ulykker er den største dødsårsaka til personar under 45 år i Noreg. Det er også ein av fem tilstandar som blir sette søkjelys på i førstehjelpsstrategien «Saman reddar vi liv».
Ein studie gjort av Bakke eit. al undersøkte førstehjelpa som blir publikum gjort av på skadde pasientar, i tillegg til å sjå på kor ofte AMK-operatør kjende igjen at den skadde pasienten hadde eit behov for førstehjelp.
Denne studien viste at AMK-operatør hadde låg sensitivitet for å kjenne igjen behov for førstehjelp over telefon på denne pasientgruppa.
Etter pilotperioden med video i 2020 vart det skrive ein rapport. Der kom det mellom anna fram at video vart hyppig brukt på pasientar med skadar.
Mål for prosjektet
Med prosjektet vårt har vi som mål å undersøkje vi om bruk av video i 113-samtalar kan ha ein effekt på førstehjelpa som skadde pasientar får av publikum før profesjonell helsehjelp har komme. Denne delstudien har vi valt å kalle «Førstehjelpsstudien».
I tillegg meiner vi det er viktig å få kunnskap om brukargrupper si erfaringar når eit slikt nytt verktøy blir introdusert, og vi utforskar derfor perspektiva i brukargruppene på bruk av video i 113-samtalar, som er AMK-operatørane og innringjarar.
Metode
I Førstehjelpsstudien nyttar vi eit prospektivt, observasjonell design, og studien er ein multisenterstudie.
Pasientar med skadar har vorte inkluderte av ambulansepersonell, som registrerte kva førstehjelpstiltak som vart gjort av publikum på pasienten, og evaluerte kvaliteten på tiltaka som vart gjorde frå 1 til 5.
I tillegg har vi innhenta informasjon frå lydloggar og frå AMK-journal.
For å undersøkje innringjar og AMK-operatør sine erfaringar med video, nyttar vi oss av kvalitativ metode og har utført fokusgruppe-intervju og semistrukturerte djupneintervju med enkeltpersonar.
Etikk
Førstehjelpsstudien vart vurdert som utanfor mandatet til REK. Den er godkjend av Sikt, relevante personvernombod og av Helsedirektoratet for dispensasjon frå teieplikt.
Studiane som ser på erfaringane i brukargruppene er godkjende av Sikt og relevante personvernombod.
Samarbeidspartnarar
- Oslo universitetssjukehus
- Universitetssjukehuset i Nord-Norge
- Vestre Viken helseføretak
- Stavanger universitetssjukehus
- Sykehuset Østfold