Forskarar kan søkje om tilgang til data om folkets helsekompetanse

Ein far gir medisin til eit lite barn med skei.

Kjell Sverre Pettersen er professor emeritus i helsekommunikasjon ved OsloMet og har leidd den norske delen av undersøkinga.

– Våre data dannar eit grunnlag slik at styresmakter, helsevesen, helsepersonell, forskarar og andre kan gjere kunnskapsbaserte val når dei treng å nå fram til utsette målgrupper med låg helsekompetanse, forklarer Pettersen.

– Det er viktig at vi kjenner til avgrensingar mange menneske i Noreg kan ha for å handtere sin eigen helsetilstand. Vi må setje oss inn i kva grad helseinformasjon frå ulike kjelder blir forstått og kritisk vurdert.

– Har alle grupper i befolkninga god nok kunnskap til å delta aktivt i kommunikasjon med helsepersonell, spør Pettersen retorisk.

– Kompetansenivået til brukarane må vektleggjast

– Eg ønskjer at utdanningar innan helsefag legg sterkare vekt på helsekompetansen til brukarane som element i opplæringa.

– Det blir satsa på å utvikle ulike former for digitaliserte løysingar for kommunikasjon mellom klient/pasient og helsepersonell. Våre data viser at mange menneske i landet vårt ikkje heng med i den digitale utviklinga, fortel Pettersen.

Professoren meiner derfor at det er grunn til å sjå kritisk på brukarvennlegheit, og at brukarar av helsetenester må få opplæring i å bruke digitale verktøy.

– Forskarar og fagpersonar sit i lokomotivet, mens mange i befolkninga ikkje har komme fram til perrongen. Skal du utvikle tenester eller produkt, til dømes velferdsteknologi med dingsar og appar, må du kjenne til utgangspunktet og kompetansenivået til pasienten.

– Brukarperspektiv og brukarmedverknad er viktig for at vi som utviklar tenestene skal kunne vite kvar vi skal starte, understrekar Pettersen.

Kjell Sverre Pettersen, forskar ved Fakultet for helsevitskap, OsloMet

Om undersøkinga

I 2019 vart det gjennomført ei stor undersøking av helsekompetansen til befolkninga (Health Literacy) i fleire land. Undersøkinga vart kalla "HLS19".

Undersøkinga vart gjord i to omgangar blant både nordmenn og folk frå fem utvalde innvandrarland. Rapporten frå undersøkinga konkluderte med at helsekompetansen er låg i fleire delar av befolkninga.

Forskingsgruppa for HLS19 i Noreg er med i eit større europeisk forskarnettverk leidd av WHO. Forskingsgruppa omsette det internasjonale spørjeskjemaet og gjennomførte spørjeundersøkinga her i Noreg med hjelp av eit anerkjent nasjonalt gallupbyrå.

Alt i alt vart det samla inn data frå omkring 6000 deltakarar i spørjeundersøkinga. Deltakarane er frå Noreg, Pakistan, Polen, Somalia, Tyrkia og Vietnam.

– Mitt håp er at flest mogleg vil nytte seg av desse dataa, slik at det blir publisert fleire vitskaplege artiklar som klargjer sider ved helsekompetansen blant fleire grupper i befolkninga i Noreg.

– Det er også høve til å søkje om å få nytte ordlyden på heile eller deler av spørjeskjemaet til eigne framtidige studium.

Det er også mogleg for forskarar i Noreg å søkje om tilgang til dei internasjonale HLS19-dataa frå i alt 20 europeiske deltakarland slik at ein kan gjere komparative studium, understrekar Pettersen.

Fleire oppfølgingsprosjekt

– Forskargruppa samarbeider om nye internasjonale oppfølgingsprosjekt i kjølvatnet av HLS19. No skal det kartleggjast i kva grad helseinstitusjonar tilpassar helsekommunikasjonen sin med pasientar/klientar til deira helsekompetansenivå, spesielt overfor dei med låg helsekompetanse.

– Studien er kalla Organizational Health Literacy (OHL). I tillegg er det planar om ein oppfølgingsstudie til HLS19 i 2024, opplyser Pettersen.

Nettverket HELINOR

Fakultet for helsevitskap har oppretta eit nasjonalt forskarnettverk om helsekompetanse, kalla HELINOR.

Til no er det over 50 medlemmer i nettverket. Alle som er interesserte i kunnskapsutviklinga omkring helsekompetanse kan bli medlem.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Illustrasjonsbilde av en kvinne som lener hodet mot armen.
Blir utsatt for tvilsomme helseråd om kosttilskudd

En ny studie viser at det er mer vanlig blant personer med fibromyalgi å ta kosttilskudd enn i befolkningen ellers.

Illustrasjonsbilde av pressekonferanse om koronasituasjonen.
Mange synes det er vanskelig å forstå helseinformasjon

En av tre mangler sentrale kunnskaper og ferdigheter om helse, ifølge ny undersøkelse.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og Geir Bukholm, smitteverndirektør i Folkehelseinstituttet er til stede under en pressekonferanse om vaksiner.
Mange innvandrere sliter med å forstå helseinformasjon

I flere innvandrergrupper mangler fire av ti sentrale kunnskaper og ferdigheter om helse, ifølge ny rapport. Vaksineskepsis er også mer utbredt i innvandrergruppene.

Forskningsartikkel av:
Fakultet for helsevitenskap (HV)
Publisert: 03.08.2022
Sist oppdatert: 16.10.2023
Tekst: Marit Christiansen
Foto: Maskot / Scanpix og Sonja Balci / OsloMet